«Når dei som styrer ikkje tek vare på miljøet, så må nokon gjera det»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Nokon må jo ta vare på miljøet»
Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, om året som har gått og framtida.
Kva har gledd deg mest i 2015?
– Regjeringa har laga mye rabalder i 2015 når dei har freista å øydeleggja for miljøet, anten det er langs kysten og i fjordane, med oljeboring ved iskanten eller å planleggja for auka utslepp, som vi gjer i dag, i staden for å oppfylla dei klimamåla vi har sett oss. Det som har gledd meg mest i året som har gått er den enorme motstanden dei har møtt. Eg håpar den motstanden blir endå større i 2016 . Om ikkje regjeringa vil gi oss den miljøpolitikken verda treng, må vi sørgja for at dei gjer det.
LES OGSÅ: Desse studentane utforskar miljøvenlege drivstoff
Kva har skuffa deg mest i 2015?
– Regjeringa opna i april i år for å dumpa fleire millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden og no, like før jul, for å gjera det same i Repparfjorden i Finnmark. Noreg er eitt av fem land i verda som lèt gruveindustrien få dumpa avfallet sitt på sjøen. Det er så utruleg flautt. Medan resten av verda sluttar å kasta problema på havet, ynskjer vi å dumpa meir.
– Det som har skuffa meg mest i 2015 er den totale forakta for livet i havet blant dei som styrer her i landet, der kortsiktig mineralutvinning skal få gå føre omsynet til levande fjordar og ansvaret vårt for å ta vare på økosystema i havet og dei fornybare næringane som er avhengige av eit reint hav, for framtida.
Kva er det største ønsket ditt for 2016?
At regjeringa skal snu, og innsjå at det å dumpa gruveavfall i fjordane våre er noko som høyrer fortida til. Det er enno ikkje for seint. No har vi fått ein ny klima- og miljøminister – toga er ikkje gått for å truverdet til redde regjeringa i miljøsakar. Om Vidar Helgesen seier nei til å dumpa gruveavfall i fjordane, ja til eit oljefritt Arktis og verkeleg tek fatt på omstillinga av Noreg ut av oljealderen og inn i fornybarframtida, kan 2016 verta eit flott år for miljøet. Eg ynskjer han lukke til!
Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?
Den nødvendige ulydighetenav Åsne Berre Persen og Jørgen Johansen. Ho handlar om rasjonalet for å bryta lova for saker som er viktige. Det er ikkje noko ein gjer for moro skuld. Men når dei som styrer ikkje klarer å ta vare på miljøet, så må nokon gjera det.