Ida (13) og Sunniva (12) redda mor og lillebror frå brann

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søstrer redda mor og lillebror frå brann

På nokre få, skjebnesvangre minutt vart liva til Sylvia Lie og borna Ida (13), Sunniva (12) og Nathaniel (8) snudd på hovudet. 

Huset deira på Færavåg brann ned til grunnen natt til 2. september i år, og igjen stod ein familie på bar bakke.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

– Me er veldig takksame for at me kom frå det med livet i behald. Det var ikkje mykje om å gjera, seier Sylvia, som saman med dottera Ida fortel om den dramatiske natta.

Brannen byrja kring halv fire om natta. Heile familien låg og sov; Ida og søstera

Sunniva låg på rommet til Ida i underetasjen, medan Nathaniel og Sylvia låg på rommet hennar i etasjen over. Det var i denne etasjen brannen starta.

Ida var den første som vakna, av at ting datt på golvet i etasjen over.

– Det høyrde ut som om nokon strødde lego på golvet. Eg trudde det var mamma som var vaken, og blei sint fordi eg skulle på skulen neste dag, og ikkje fekk sova når ho bråka, fortel Ida, med eit smil til mora som sit på andre sida av kjøkenbordet.

Ida tok den livreddande avgjerda å stå opp for å få ein slutt på bråket, og merka på veg opp trappa at ikkje alt var som det skulle.

– Det var mykje røyk i trappa, og lyset gjekk ikkje på. Så eg tok med meg mobilen og lyste med den, men eg fekk ikkje opp døra til gangen oppe, så eg gjekk ned att og såg ut vindauget, forklarar ho.

LES OGSÅ: «La oss ikkje oppdra trongsynte menneske»

Då kunne ho sjå flammar på utsida. Ho fekk med seg søstera, og begge to klatra ut gjennom vindauget. Ida skjøna alvoret i situasjonen, og tenkte at ho måtte ringja naudtelefonen.

– Men eg følte det tok for lang tid å venta på at nokon skulle ta telefonen, når eg stod og såg på at huset vårt brann, seier ho. Så ho og Sunniva byrja springa rundt huset, for å finna mora og broren.

– Me var sikre på at dei allereie måtte vera ute. Så skjøna me at det var dei ikkje, seier Ida, og blir stille.

Redda av skrika til dottera
Både Sylvia og Nathaniel hadde vore sjuke, difor låg yngstemann på rommet til mora denne natta. Då jentene hadde kome seg ut, var soverommet til Sylvia allereie fullt av røyk. Vindauge i huset eksploderte, og svart røyk velta ut.

Jentene ville inn i huset for å henta mora og broren, og sjekka først bilen, for å sjå om ekstranøkkelen til huset låg der, slik den pleidde gjera. Det gjorde den ikkje. Så dei fann ein hammar, og knuste eit lite vindauge ved sida av inngangsdøra.

Medan Sunniva vart ståande ved døra og ropa på mora, tok Ida med seg ein stige og hammaren, og gjekk for å knusa soveromsvindauget til Sylvia, som framleis var i uvisse om faren ho og sonen var i.

– Eg drøymde at det var fyrverkeri, då vindauga eksploderte. Til slutt var det skrika til Sunniva som trengde gjennom draumen, og som gjorde at eg vakna, fortel Sylvia.

Ho kom seg ut av senga, men var påverka av røyken.

– Kroppen var heilt rar, og eg kunne ikkje sjå noko på grunn av all røyken. Den var tjukk som bomull. Men eg hadde berre eitt mål, og det var å følgja stemma til Sunniva. Så eg kom meg til ytterdøra, og på vegen såg eg at stova var heilt overtend. Men eg skjøna ikkje kva som føregjekk, fortel Sylvia.

Då ho opna ytterdøra og fekk litt frisk luft, og fekk forklart av Sunniva at huset stod i brann, snudde ho og gjekk attende til soverommet for å henta Nathaniel. Han låg framleis i senga, men vakna litt til i det Sylvia prøvde å løfta han opp. Ho fekk han med seg ut, og henta deretter bilnøklane som låg i gangen. Mobilen, som låg igjen på soverommet, var det ikkje håp om å få tak i.

– Det svei på huda då eg tok bilnøklane, og flammane hadde nådd gangen innan eg tenkte på mobilen, fortel Sylvia.

Saka held fram under biletet.

Familien er takksame for at dei har kvarandre, etter at dei mista alle eigendelane sine i brannen i haust. F.v. Sylvia, Nathaniel og Ida. Dottera Sunniva ynskte ikkje å vera med på biletet.

Vel ute fekk ho sjå kor alvorleg situasjonen var. Flammane stod ut av huset, og dei kunne mellom anna sjå at også kjøkenet stod i full fyr. Det fekk Sylvia til å hugsa på noko: Ho hadde gasstopp på kjøkenet.

– Då fekk eg borna i bilen, og køyrde til naboen. Eg trur aldri eg har rygga så fort og beint ned innkøyrsla, seier ho med eit ironisk smil.

Dramatisk kvarter
Vel framme hos naboen sette sjokket inn.

– Eg trur eg veksla mellom å vera hysterisk og le høgt. Men naboane våre var heilt fantastiske. Dei var fokuserte og organiserte, og tok godt vare på oss. Dei fekk varsla om brannen, og lånte oss kle, fortel Sylvia.

Berre nokre minutt etter at dei var komne i tryggleik, eksploderte gassbehaldaren som hadde stått på kjøkenet.

– Det small skikkeleg. Det var veldig høgt, understrekar Ida.

Det heile skjedde på vel eit kvarter. Frå Ida vakna, til dei kom seg bort til naboen. Men for dei var det umåteleg mykje lengre.

Det var lange og traumatiske minutt for Ida og søstera, då dei gjorde alt i si makt for å redda mora og broren frå brannen.

– Det kjentest ut som om alt skjedde veldig sakte. Det var som å vera i eit mareritt, der eit monster kjem etter deg, og du ikkje klarar springa, seier Ida.

– Men de var flinke, kviskrar Sylvia til ho over bordet.

– Takk, svarar Ida lågt.

Viktig med godt brannvern
Det er framleis ein del spørsmål kring brannen, som familien aldri vil få svar på. Det var røykvarslar i huset, men dei veit ikkje om den peip. Korleis brannen starta er ein annan ting dei truleg aldri vil få svar på, fordi huset var fullstendig utbrent.

– Eg trur det ville vore lettare for oss viss me visste kva brannårsaka var. Me har sjølvsagt hatt mange teoriar sjølve, og veit nokolunde kvar brannen starta, så me har forsona oss med at me ikkje vil få eit endeleg svar på det, seier Sylvia.

Dei hugsar mellom anna kva vegg dei først såg flammar på, då dei var inne i det brennande huset. Det er minna frå rett etter at dei hadde kome seg vekk frå huset som har flest hòl. Etter at adrenalinet dabba av, og sjokket sette inn. Sjokket over å ha mista huset og alle eigedelane sine, og ikkje minst sjokket over å innsjå kor nærme dei var å ikkje koma seg ut i tide.

Ifølgje brannvesenet hadde ho og Nathaniel berre overlevd i fire minutt til i det røyklagde rommet, fortel Sylvia.

Heldigvis sytte dei snartenkte døtrene for at det enda så godt som det kunne, situasjonen tatt i betraktning.

– Me hadde snakka mykje om kva me ville gjera viss det skulle byrja å brenna, og hadde tenkt å ha ei brannøving. Så langt kom me ikkje, men eg trur det hjelpte, berre det å ha ein plan, seier Sylvia, noko Ida seier seg einig i.

– Når me finn ein ny plass å bu, skal eg ha eit skikkeleg brannvarslingssystem. Utan tvil, slår Sylvia fast.

LES OGSÅ: «Julefeiringa er ein stor triumf for meg»

Overveldande nestekjærleik
I tida etter brannen har familien fått husly hjå mora og stefaren til Sylvia. Det at dei kan bu der har alt å seia, fortel Sylvia. Ho hadde ikkje innbuforsikring, og absolutt alt ein familie på fire har trong for, må bli kjøpt inn på nytt.

– Det er ganske surrealistisk. Me hadde absolutt ingen ting etter brannen. Me måtte kjøpa tannkostar på veg til sjukehuset dagen etterpå, og det dukkar stadig opp nye ting som me ikkje tenkte over at me hadde før, seier Sylvia.

Saka held fram under biletet.

Berre det aller viktigaste – liva til Sylvia og borna – vart redda då huset dei budde i på Færavåg brann ned til grunnen i september i år. 

Men då alt var på sitt mørkaste, fekk dei og kjenna på nestekjærleiken.

– Det var veldig mange som stilte opp for oss rett etter brannen, som me vil takka. Folk som kjøpte kle til oss, og samla inn pengar til gåvekort. Ein ny mobil låg klar og venta på meg då me kom heim frå sjukehuset. Folk kom med blomar, helsingar, spel og leiker til borna, kjøkenutstyr, pynteting; det var overveldande. Folk eg aldri har møtt, eller folk eg nesten ikkje kjenner, kom med ting til oss. Det var ikkje tinga som varma mest, men omsorga som låg i det, seier Sylvia.

Tek tida til hjelp
Det tek tid å byggja opp igjen eit heilt liv. Medan dei siste månadane kanskje har gått fort for andre, lever Sylvia og borna i ei boble, der tida er komprimert og går veldig sakte. Og når dei no går den første jula etter brannen i møte, er det sårt å bli minna på alt dei har mista, som det ikkje går an å erstatta.

– Som papirnissane me laga i barnehagen, seier Ida trist, medan mora nikkar samtykkjande.

– Og det er vanskeleg å prioritera kva ein skal kjøpa når ein treng absolutt alt, legg Sylvia til. Sjølv om dei framleis har eit stykke igjen til ein normal kvardag, er livet på rett veg for familien.

– Me har hatt det betre. Men me har fleire gode enn dårlege dagar no, så det går framover, fortel Sylvia.

Like før jul var ho tilbake i jobben som helsearbeidar i Fusa. På førehand følte ho seg ikkje heilt klar for det, men tenkte at det ville vera betre enn å gå heime med alle tankane.

– Det er tøffe minne for alle, og det tek energi frå oss. Me søv dårleg, men har ikkje så mykje mareritt lenger. I byrjinga var det nesten umogleg å sova. Eg ville berre putta alle borna i ei seng og ha dei nærme meg, seier Sylvia med eit smil.

For tankane og minna frå den natta det brann, heng så altfor godt i. Dei har snakka ein del med kvarandre om det som skjedde, og fått oppfølging av kriseteam. Likevel vil minna alltid vera med dei, og binda dei saman. Det er som Sylvia påpeikar: Ingen andre vil kunne setja seg heilt inn i det dei opplevde den natta, og familien har blitt mykje meir samansveisa etter brannen.

Men utanom nokre små sår, eit glasbrot i foten til Sylvia og lettare røykskadar hjå mor og son, kom familien heldigvis frå hendinga utan varige, fysiske mein.

– Me hadde englevakt, alle saman. Me har eigentleg fått livet i gåve. No må me berre koma oss på føtene igjen, slik at me kan nytta oss av den gåva, seier Sylvia med eit tappert smil.

LES OGSÅ: Brannstudentar øver ikkje på tunnellbrann