Religion stempla som avleggs i skulen
I Sverige er den sekulære haldninga dominerande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I den svenske skulen blir ofte religion framstilt som noko gammaldags og utgått og heilt irrelevant for det moderne mennesket. Det viser ei ny svensk avhandling om religionsundervisning i det fleirkulturelle Sverige.
Det å vere ikkje-religiøs og ateist blir i klasserommet framstilt som det nøytrale og normale, mens religiøse menneske ofte blir sett som uintelligente og lettlurte, fann forskar Karin Kittelman Flensner da ho følgde religionsundervisninga ved ei rad vidaregåande skular i Sverige i 2011/2012.
– Det å vere religiøs vart i timane framstilt som motsatsen til det å vere eit moderne, rasjonelt, individualistisk og sjølvstendig tenkjande menneske, seier Flensner i ei pressemelding frå Göteborgs universitet.
Det var òg ein tendens til å behandle truande generelt og muslimar spesielt som «dei andre», sjølv om det i alle klasserom sat elevar som rekna seg som kristne, muslimar, buddhistar, hinduar eller tilhøyrande andre livssyn.
LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne
Flensner meiner religionsundervisninga i liten grad oppfyller måla i den svenske læreplanen om å utvikle respekt og forståing for ulike måtar å tenkje og leve på. Det blir vanskeleg når den sekulære haldninga blir det dominerande, meiner ho.
– Viss lærarane blir meir medvitne om korleis dei snakkar om religion og truande menneske i klasserommet, trur eg undervisninga kan medverke til auka forståing mellom ulike standpunkt. Vi lever i eit pluralistisk samfunn, og her har skulen og religionskunnskapsfaget ei viktig rolle å spele for å skape ei positiv utvikling, seier Flensner. (©NPK)
LES OGSÅ: … når det kjem til samlesongen syng eg så høgt eg kan!