Grandiosa – ei julehistorie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia om frosenpizzaen som julemat i tusenvis av heimar, er teken opp att så ofte at ho ikkje vekkjer oppsikt lenger. Likevel spør ein seg: Kan det vere sant?

Ipsos-MMIs direktør Erik Dalen tek æra for at saka første gong blei ei nyheit. Men historia handlar ifølgje han om korleis éi fjør blei til 50.000 høns, eller rettare sagt pizzaar. Det heile starta rundt 1990.

– Eg blei intervjua om ei undersøking om etevanane til nordmenn. I samband med det snakka eg litt laust med journalisten utanom resultata og då sa eg at det sikkert er nokre nordmenn som et Grandiosa på julaftan. Det var ein hypotese, seier Dalen til NTB.

Fleire år seinare skal denne saka ha blitt slått opp i ei større avis, der Dahlen blir sitert på at 50.000 nordmenn et Grandiosa på julaftan.

– Dette var jo mildt sagt ei overdriving, seier han.

LES OGSÅ: Pinnekjøt av gris til jul?

Tabu?

Han kallar det «ei triviell historie som viser kombinasjonen av manglande forståing og manglande merksemd hos journalistar», og nyttar anledninga til å refse journalistar for manglande forståing for statistikk

Samtidig påpeiker han at meiningsmålarane er opptekne av at spørjeundersøkingar, og ikkje minst måten ein formulerer spørsmåla på, kan legitimere standpunkt som elles er upopulære eller tabubelagde. Kan den feilsiterte Dalen vere årsak til at tabuet om frosenpizza på julaftan blei brote?

For enda nokre år seinare kom det undersøkingar som meir enn stadfesta hypotesen til Dahlen. I 2003 skreiv VG at omkring 100.000 nordmenn, 3 prosent av befolkninga, hadde hatt frosenpizzaen på menyen julaftan. Undersøkinga var gjort av Dahlens eige institutt, Ipsos-MMI, på vegner av produsenten.

Ei undersøking produsenten fekk utført i 2011, viser at omkring 200.000 et frosenpizzaen på julaftan. Etter det har ikkje Orkla Foods sett nokon grunn til å undersøkje saka nærare, fortel kommunikasjonssjef Bjørn Brennskag til NTB.

Til lunsj?

Han stadfestar likevel det fleire har påpeikt: Undersøkinga seier ingenting om når på julaftan pizzaen blir eten. Det kan jo vere til lunsj eller som nattmat. Men Brennskag legg til:

– Grandiosa er livretten til mange og det er ikkje noka overrasking at nokon vil ete det dei liker aller best til jul.

Han vil derimot ikkje vere med på at det er tabu å ete frosenpizza på den kanskje viktigaste matdagen i året.

Frå slutten av november og fram til jul i fjor selde Orkla 2,8 millionar frosenpizzaar. Tidlegare i haust opplevde selskapet ein auke i salet, så Brennskag trur talet kan bli enda høgare i år.

Ribba vinn

Folk flest et ribbe og pinnekjøt på julaftan. Det viser undersøkinga som Ipsos-MMI gjer for Opplysningskontoret for egg og kjøtt (MatPrat).

I fjor sa 55 prosent at dei åt ribbe, 33 prosent åt pinnekjøt og 3 prosent kalkun. Nokre få prosent et fisk eller skinkesteik, og 7 prosent svarer «anna». Kor mange frosenpizzaar som skjuler seg bak det prosenttalet, veit ingen. (©NPK)