Luke 23: Gourmet-språket tysk
Ein kvar besserwisser veit nok dette.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysk er det tiande største språket i verda. Språket vert snakka av over 80 millionar tyskarar, i tillegg til at det er første- eller andrespråket til mange millionar fleire.
I norsk har me mange tyske lånord. Dei fleste av desse kjem frå nedertysk, men i nyare tid har me fått fleire ord frå standardtysk. Her har me fått ord som er så tyske at ein neppe kan vere i tvil om opphavet.
Tyskarane har mellom anna gitt oss den etterkvart så særnorske tradisjonen vorspiel og nachspiel.
Feinschmeckertyder 'gourmet' eller 'skjønar', men direkte omsett vert det eigentleg 'finsmakar'.
I tillegg har tysk gitt oss besserwisser, som både er ein 'betrevitar' eller 'forståsegpåar', i tillegg til at det er eit populært brettspel som kanskje ligg under nokre juletre i år.
Kjelde: Alkunne