Gler seg over at mange unge vil hjelpa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gler seg over at unge vil hjelpa

Espen André Breivik er for tida i på juleferie i Tanzania, men leiaren for Røde Kors Ungdom svarer gjerne på spørsmåla våre på epost.

 Kva har gledd deg mest i 2015?

– Det er utan tvil flyktningsituasjonen i Europa som har prega meg mest i 2015. Mange seier at verda i 2015 fekk ei flyktningkrise, men realiteten er at situasjonen har vore slik for mange menneske i lang tid, skilnaden no er at Europa også har fått kjenne på flyktningkrisa. Det er også rekordmange menneske, spesielt mange barn og unge, som har flykta i år. Krigen i Syria er ein av grunnane.

– Då er det gledeleg å sjå engasjementet som mange nordmenn har vist. Media har tatt sitt ansvar i å dokumentere det som skjer, og sivilsamfunnet har på mange måtar vist sine beste humanitære sider og eit ynskje om å hjelpe. Mange av dei som kjem til Noreg er barn og unge, ofte aleine og utan foreldre. Då er det spesielt gledeleg å få så mange spørsmål frå ungdom som ynskjer å gjere ein forskjell. Dette året har Røde Kors Ungdom starte aktivitetar på mange asylmottak, vi har utvikla aktiviteten Flyktningkompis, for busette flyktningar og har auka vårt haldningsskapande arbeid. Dette er det norsk ungdom sjølv som har jobba fram.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– I 2015 såg vi alle dei hjarteskjerande bileta av desperate flyktningar som risikerte livet over Middelhavet, døde barn og stengde grenser. Sjølv om svært mange har vist eit enormt engasjement og ynskje om å ta ansvar også i Europa, har politikarane skuffa i 2015. Det er ikkje ein enkel jobb å handtere ei auka mengde flyktningar og asylsøkjarar til Europa, men det er skuffande at dei europeiske landa har klart å bli einig om ei felles løysing, ei ny og rettferdig «byrdefordeling», eller ansvarsfordeling som eg heller vil kalle det. Stengde grenser, innstrammingar og politisk kaos er ikkje det som trengs når verda opplev den største flyktningkrisa sidan andre verdskrig.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Det må eg igjen knytte svaret til flyktningsituasjonen. I 2016 må vi vise kva vår generasjon vil bli huska for. Ikkje ignoranse og piggtrådgjerde, men at vi tok ansvar når verda verkeleg hadde behov. Vi må minne oss på at flyktningar ikkje berre er flyktningar, men ein dag skal bli vår nabo, vår kollega eller klassekamerat.

– Vi må hugse at menneske er ressursar. Dette fekk eg verkeleg oppleve då eg besøkte Røde Kors sin helseklinikk på grense mellom Hellas og Makedonia, der møtte eg svært mange, spesielt unge flyktningar, som drømte om tryggleik, eit normalt liv og å kunne bidra som ressursar i samfunnet.

– Eg håper ungdom i Noreg ikkje lar seg påverke av dei kreftene som spelar på frykt, men at ein ser mennesket. At ein ynskjer å bli kompis men barn og unge på mottak, gjere ein frivillig innsats og ynskje nykommarar hjarteleg velkommen til sine lokalsamfunn, gjerne gjennom Røde Kors Ungdom eller andre organisasjonar. Og så må vi i 2016 ta eit kraftig oppgjer med hatprat, diskriminering og rasisme i det norske samfunnet.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– I romjula vil eg lese Americanah av den nigerianske forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie. Boka handlar om ei ung jente frå Nigeria som flyttar til USA for å studere, og om fordommane og stereotypane ho vert møtt med. Forfattaren er mellom anna kjend for TEDtalken The Danger of a Single Story, der ho pratar om korleis mange i vestlege land har eit einsidig og negativt bilete av Afrika, og om viktigheita av å også få fram det positive som skjer på kontinentet.

LES OGSÅ: Ope hus og opne hjarte i jula