Luke 20: Arabisk alkohol
I mellomalderen lånte europeiske språk hundrevis av arabiske ord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arabisk er førstespråket til rundt 240 millionar menneske, men visste du at mange av orda me nyttar i norsk daglegtalen har arabisk opphav?
I mellomalderen låg den arabiske delen av verda langt framme i mellom anna vitskap og filosofi, noko som førte til at arabiske ord fann vegen inn i dei europeiske landa og språka.
I norsk finn me i dag desse lånorda:
Alkohol – al-kuḥūl ﺍﻟﻜﺤﻮﻝ 'alkohol'
Admiral – amīr al-baḥr ﺍﻟﺒﺤﺮ ﺃﻣﻴﺮ 'hav-kommandør'
Algebra– al-jabr ﺍﻟﺠﺒﺮ 'algebra', 'tvang, fatalisme'
Arsenal – dār al-ṣinā'a ﺍﻟﺼﻨﺎﻋﺔ ﺩﺍﺭ 'handverkshus'
Kjelde: Allkunne