Luke 19: Varierande skydekke i Korea

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har heilt sikkert høyrt at eskimoar har nesten tallause ulike ord for snø, men visste du at koreanarar kan seie 'det regnar' på seks ulike måtar?

Talemåten varierer ikkje først og fremst med styrken og mengda regn, men ut ifrå kven ein snakkar med. Ein kan fortelje om vêret nøytralt, fortruleg, familiært, endeframt, høfleg eller respektfullt.

Koreansk er førstespråket til kring 78 millionar menneske. Rundt to tredelar av desse bur i Sør-Korea og ein tredel i Nord-Korea, medan nokre millionar bur i Kina.

Me har ikkje mange koreanske lånord i norsk, men kampsporten taekwondo kjem frå Korea. Tae 'spark' står for fotteknikk, gweon 'knyttneve' står for hand- og armteknikk, og do 'veg' tyder 'metode'.

Kjelde: Allkunne