E134 blir hovudferdselsåre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er beste jolegåva til Telemark på mange, mange år, seier stortingsrepresentant Bård Hoksrud (FrP) frå Telemark.

– Det beste som kunne skje. Å lande E134 er heilt fantastisk, seier stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Seljord.

Båe jublar over at regjeringa tilrår E134 som hovudåre, og er også kjempeglade for at også greina frå Odda til Bergen skal konsekvensutgreiast. 

– For Telemark er valet om E134 vanvittig viktig, og betyr utruleg mykje for mange menneske. Og her er det snakk om mykje pengar, seier Hoksrud.

– No får me ein sikrare og tryggare veg mellom aust og vest, seier Abrahamsen.

Hoksrud legg til at Haukelivegen AS har gjort ein veldig god jobb i saka.

– Kva så når saka skal opp i Stortinget?

– Det skal mykje til at dette ikkje blir vedteke, svarar Hoksrud.

– Eg trur dette vil gå riktig så bra, legg Abrahamsen til.

Og dei kjenner til at Ap har same synet på saka som regjeringa.

Regjeringa har ikkje tatt stilling til kor mange tunellar det blir på Haukelifjell.

– Men ein seier at dei skal prioriterast, og ein skal kome fort i gang med bygginga, seier Hoksrud.

– Eg kunne godt tenkt meg ei flaske champagne no, seier Abrahamsen.

– Kjem du til å dele med Hoksrud?

– Ja!

Ap jublar med 

Også Arbeidarpartiets Lene Vågslid er svært glad for nyheita. 

– Dette er ein gledens dag for Telemark, og me er glade for avgjersla. Dette har vore ei svært viktig sak for benken, som me samla har stått bak. Men eg skal vere raus nok til å seie at Solveig og Bård som medlemmer av regjeringspartia sjølvsagt har gjort ein ekstra innsats her, gjennom at dei har meir innflytelse på regjeringa enn kva vi har. Men det har nok vor ein styrke for saka at alle partia på Telemarksbenken har stått bak dette, og ikkje minst andre viktige aktørar som Haukelivegen AS med fleire, seier stortingsrepresentant Vågslid. 

Ho manar til intensivt arbeid for armen Odda-Bergen framover. 


– Armen Odda-Bergen vil også vere viktig og vere neste store jobb vi må gjere. Det blir viktig at Telemarksbenken jobbar godt fram til framlegginga av nasjonal transportplan (NTP), som samferdselsministeren varslar at er det tidlegaste tidspunktet ein kan treffe ei avgjerd om val av veg-arm, seier Vågslid. 

Skal greie ut Odda–Bergen

E 134 er regjeringas val som ein av to hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet. Men samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ville ikkje seia ja til greina til Bergen, altså strekninga Odda–Bergen. I Vegvesenets utgreiing frå januar er denne greina med og gjer E 134 samfunnsøkonomisk mest lønsam av dei fire aktuelle alternative strakningane.

Solvik-Olsen gav Vegvesenet eit klart oppdrag om å konsekvensutgreie strekninga.

– Strekninga Odda–Bergen kjem me tilbake til i Nasjonal transportplan (NTP), når denne blir utgreidd og behandla i Stortinget om eit drygt år, sa Solvik-Olsen.

Og la til:

– Dersom riksveg 7 blir valt som den nordlege traseen vil Odda–Bergen bli overflødig.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!