Redaksjonen
Redaksjonen

Me nordmenn reiste til Latvia lenge før venninne- og kameratgjengar byrja å reise på helgetur til Riga med AirBaltic.

Allereie frå 800-talet vart Latvia handelsveg frå Skandinavia til Russland og Bysants. Der føregjekk både handel og plyndring.

Desse reisene har sett sine spor i namnehistoria. Latviske menn kan framleis få namn som: Sigurds, Olavs, Haralds, Ivars,  Einārs,  Ēriks, Arvīds, Egils, Vidars, Ingars, Svens, Dāgs, Knuts og Ingvars.

På kvinnesida har latviarane namn som: Ingrīda, Ērika, Gudruna, Helga, Astrids og Inguna.

Latvisk er førstespråket til om lag 1,5 millionar menneske. Dei fleste av desse er busett i Latvia. 

Kjelde: Allkunne

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE