Luke 16: Frisespikkeri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestfrisisk er eitt av to offisielle språk i Nederland. Språksituasjonen der kan til ein viss grad samanliknast med stoda mellom dei to målformene me har i Noreg.

I 1937 blei nemleg frisisk innført som valfritt fag i dei to øvste klassane i grunnskulen. 43 år seinare – i 1980 – vart språket eit obligatorisk fag i grunnskulen. Først på 1990-talet vart språket eit offisielt fag i ungdomsskulen og vidaregåande skule, ifølgje oppslagsverket Allkunne.

Mållagsleiar Marit Aakre Tennø, set sjølvsagt pris på andre europeiske minoritetsspråk. Då ho i januar etterlyste meir nynorsk i Donald Duck, kunne ho fortelja at ho sjølv har fått tak i eit frisisk Donald-blad.

Dette vart sjølvsagt selt i det nederlandske fylket Fryslân (Friesland), der dei framleis snakkar vestfrisisk.

Språket er førstespråk til om lag 700.000 menneske, dei fleste av desse i Nederland.

Dei lånorda som har funne vegen heilt frå Frisland til Noreg er kanskje ikkje av det mest flatterande slaget:

Kjeltring kjem av frisisk keltring, som tyder 'landstrykar'

Fanden kjem av frisisk fannen, som tyder 'freistar'

I tillegg har me det vestfrisiske ordet skoft, som tydar 'stund' eller 'pause', som truleg er opphavet til norsk skoft, som kan bety 'fråvær' eller 'arbeidsøkt'.

Kjelde: Allkunne