EU vil ha aldersgrense på 16 år for sosiale medium

Er du under 16 år? Då kan du bli nøydd til å ha løyve frå foreldra dine for å få bruka Facebook, Snapchat, Instagram og e-post.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU: Unge må ha løyve for å bruka Facebook

EU skal handsama lovforslaget på torsdag, ifølgje The Times. Lova vil gjera det ulovleg for Facebook, Instagram, Snapchat å samla inn informasjon om brukarar under 16 år. Den gamle aldersgrensa er 13 år.

Straffa for å bryta lova vil vera fire prosent av omsetnaden til selskapa. For Facebook vil det bli over fire milliardar kroner.

Viss lova blir vedtatt, er det enno usikkert om ho vil gjelda Noreg. Barneombodet opplyser til NRK at dei vil sjå på saka.

LES OGSÅ: Éin av fire sender intime bilde via Snapchat

Seniorforsker Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF har forska på mediebruk blant unge i 15 år. Han er sterkt kritisk til forslaget.

– Eit slikt system vil bidra til at foreldre i endå større grad kan kontrollera kvar borna deira er og kva dei gjer. Dette vil derfor kunne innebera soleklar krenking av privatlivet til born, seier han til NRK.

Tidlegare toppbloggar Linnea Myhre tok tidlegare i år til orde for ei 16 års aldersgrense for å blogga. Forslaget møtte stor motstand frå fleire kjente bloggarar under 16 år.

LES OGSÅ: Mest mobbing via Snapchat

Kva synest du om forslaget?