Are Kalvø og Liv Ullmann på turné

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein Ingar Bergman-tekst i Liv Ullmann-regi, Shakespeare, Are Kalvø og bukkar i badeland er noko av det Riksteateret byr på neste år.

«Fortrolige samtaler» er ein samarbeidsproduksjon mellom Riksteatret og Nationaltheatret, og er ein teaterversjon av Bergman-romanen Enskilda samtal, fortel Riksteateret i ei pressemelding.

Stykket er eitt av fleire på vårprogrammet til Riksteateret for 2016. Etter urpremiere på Nationaltheatret 9. januar, får «Fortrolige samtaler» turnépremiere i Bodø i februar. Marte Engebrigtsen, Emmy-vinnar Anneke Von der Lippe, Liv Bernhoft Osa, Bjørn Skagestad og Mattis Herman Nyquist er mellom skodespelarane på rollelista.

Shakespeare-stykke
2016 er Shakespeare-året. Stykket «En midtsommernattsdrøm» får premiere på Riksteatret 20. januar, medan turnépremieren finn stad i Haugesund 27. januar. Jo Strømgren har regien, medan Ine Marie Wilmann og Nader Khademi er blant skodespelarane ein finn på scena.

2. februar har Are Kalvø nypremiere i Stranda med «Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake. Kalvø fekk Komiprisen «Beste sceneforestilling» 2015 for framsyninga.

LES DET SISTE AV ARE KALVØ HER!

Pinocchio og bukkar i badeland
Også Oslo Danse Ensemble skal på Riksteater-turné neste år. På vegen har dei med seg åtte dansarar og koreografiar av Jo Strømgren, Toni Ferraz og Fredrik Rydman. Framsyninga har turnépremiere i mars.

For dei yngste byr Riksteateret på stykka «Bukkene Bruse på Badeland» i samproduksjon med Oslo Nye Teater, og det klassiske barneeventyret om Pinocchio. Stykka har turnéstart høvesvis 19. og 13. januar. (©NPK)

LES OGSÅ: Marie Blokhus: – Fuckings bullshit at ein ikkje treng andre enn seg sjølv