Luke 14: Den originale jogurten
Orda jogurt og kiosk har tyrkisk opphav.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Seinast i fjor truga Synnøve Finden hovudkonkurrent Tine med rettssak, fordi jogurten Tine kallar gresk jogurt eigentleg vart produsert i Tana. Men visste du at ordet jogurt eigentleg er tyrkisk?
Det norske ordet yoghurt eller jogurt, kjem nemleg av det tyrkiske ordet yoğurt.
Det er truleg 45 millionar menneske i Tyrka og landa rundt som har tyrkisk som førstespråk.
Eit anna ord du kanskje ikkje visste at har tyrkisk opphav er kiosk. Ordet kom til norsk på 1700-talet via tysk Kiosk og fransk kiosque frå italiensk chiosco. Då hadde italienarane opphavleg lånt det frå tyrkisk köşk, som tyder 'hagepaviljong'.
Kjelde: Allkunne