Eit levande dyr er ikkje eit ting, og bør ikkje handsamast som det heller, seier Dyrevernalliansen.

mm

Mange vel denne jula å gje bort eit levande dyr i julegåve. Sjølv om dette som regel er gjort i beste meining, er det ikkje alltid like gjennomtenkt. Etterkvart kan interessa for den koselege julegåva forsvinna, og dyret får ein trist skjebne.

– Det er kanskje koseleg der og då, men kvar sommar ser vi at folk ynskjer å kvitta seg med dyra som blei skaffa som julepresang. Då har dei søte kattungane vorte store, kaninen er kanskje ikkje så spennande lengjer, og det passar ikkje lenger å ha dyret når familien skal på sommarferie, seier Live Kleveland, jurist i Dyrevernsalliansen i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Dumpar 2000 kjæledyr kvar sommar

Katt, kaninar og smågnagarar er særleg populære
Kattar, kaninar og små gnagarar er dei meste populære dyra å gje i julegåve. Dette er dyr som kostar lite i innkjøp og er lette å skaffa. Det mange ikkje tenkjer på, er at dyra krev mykje plass, tid og kunnskap for å kunne ha eit godt liv hos dei nye eiga sin. Sjølv om dyret kostar lite å kjøpa, medfører dei forte store utgiftene til utstyr, fôr og veterinærbehalding.

Alle dyr trivst dårleg i små bur, og treng jamleg stimuli og høve for å koma ut og røra på seg. Særleg kaninar har eit stort rørslebehov og er ikkje tilpassa eit liv i bur, i motsetnad til kva mange trur. Mange dyreartar mistrivst åleine og treng selskap av artsfrendar. Kattar er vanskeleg å omplassera, og mange av kattane som har blitt gjeve i julegåve endar liva sine som heimlause,  eller må avlivast.

– Foreldra har kanskje lita interesse av dyret, men ender likevel opp med ansvaret for dyret når borna går lei. Dyra ender ofte i eit trongt bur, og vert understimulerte, feilernærte og sjuke utan at nokon merkar det, seier veterinær i Dyrevernsalliansen, Julie Grell.

LES OGSÅ:Sjekk kjæledyret til Antonina!

Barn under 16 år skal ikkje ha ansvar for dyr
16 år er grensa for sjølvstendig ansvar for dyr. Nokre 16-åringar er ikkje modne for å ha ansvar for dyr, og då må foreldra trå til og passa på. Medan andre 16-åringar er veldig modne og kan til dømes ha ansvar for ein hest når dei fyller 16.

– Nokre barn kan få lite ansvar lengje før fylte 16 år, men då må foreldra følgja med heile tida, seier Kleveland.

Er det nøye planlagt og gjennomtenkt at familien skal skaffa seg eit dyr, så kan juleferien vera ei god tid på å bli kjent med det nye dyret.

– Men ikkje si til borna at dyret er ein presang, då kan dei fort tru at det er som eit leiketøy. Fortel akkurat kva det er, nemleg ein ny familiemedlem, seier Kleveland.

LES OGSÅ:Internasjonal dyrlege

Forbode å reisa frå dyret
Det er eit stort ansvar å ha eit dyr i huset, anten dyret er lite eller stort. Dette ansvaret gjeld heile året, òg når ferien kjem. Ifølgje dyrevelferdslova § 14 b er det forbode å setja igjen dyr i hjelpelaus tilstand. I år stramma Mattilsynet grepet overfor dyreeigarar som reiser frå dyra sine utan å sørgja for at dei har tilsyn.

– Dyrevelferdsloven slår fast at det er forbode å reisa frå dyret utan å sørgja at for tilstrekkeleg tilsyn, og alle dyr skal ha tilsyn minst ein gong dagleg. Viss du reiser frå dyret ditt utan å sørgja for at nokon ser til det kvar dag, kan du få bot på opptil 17.200 kroner, seier Kleveland.

Oppdatert: måndag 18. desember 2017 19.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE