Tora Hope/Andrea Nøttveit
Tora Hope/Andrea Nøttveit

Paris: Dei høge vindauga er rause med føremiddagslyset, som fell innover betonggolvet og over eit tjuetals svarte paraplyar. Ei gruppe menneske sit i ein ring og diskuterer lågmælt. På ein stol mellom dei ligg ein paraply med påskrifta «Fossil free culture» og eit bilete av Mona Lisa.

Kunstnarar frå ei rekkje land er samla her for å førebu ein protest mot at Louvre-museumet let seg sponse av oljeselskapa Total og Eni.

Protesten er del av ei internasjonal rørsle som vil ha slutt på at oljeindustrien kjøper seg eit godt rykte gjennom å støtte kultur.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i olje-protest

oljekultur

Ikkje ein demonstrasjon
Klimatoppmøtet i Paris nærmar seg slutten.

Enkelte sivilsamfunnsaktørar har utrykt misnøye med at unntakstilstanda i Frankrike gjer det vanskeleg å demonstrere i gatene. Den store klimamarsjen siste dag av forhandlingane, 12. desember, er avlyst. Der er planar om alternative markeringar.

I det paraplyfylte rommet får deltakarane utdelt informasjon om kva rettar dei har, dersom dei hamnar i konfrontasjon med politiet.

– Det er ikkje ein demonstrasjon, men ein performance intervention, strekar Ragnhild Freng Dale under.

Ho tek doktorgrad i sosialantropologi ved universitet i Cambridge, og har bakgrunn frå mellom anna teater. Ho er også ein av initiativtakarane bak rørsla «Stopp oljesponsing av norsk kulturliv».

Ho har òg engasjert seg i at Universitetet i Bergen skal vera fossilfritt, og reagerte difor på at dei gjekk inn i eit nytt samarbeid med Statoil tidlegare i år.

For dette arbeidet har ho motteke Skjervheimprisen.

oljekulturmarintwatters2

«Fortener ikkje godvilja»
Som dei andre i rommet, ser Freng Dale på oljesponsing av kulturliv som eit stort problem.

– Ansvaret for å seie nei til oljeselskapa og stogge oljesponsinga av kulturlivet ligg først og fremst på dei store institusjonane, men det er også viktig at vi som kulturaktørar ser korleis oljeindustriens sponsing av kulturliv styrker eit inntrykk av industrien som ein ansvarleg aktør, seier ho.

Freng Dale meiner baksidene ved industrien er for store til å kunne aksepterast. Ho siktar ikkje berre til kontroversielle aktivitetar som Statoils oljesandsprosjekt i Kanada. Like stor rolle spelar klimaendringane, som i stor grad er drive av CO2-utslepp frå produksjonen av fossil energi.

– Vi syns ikkje at oljeindustrien fortener å kjøpe seg godvilje frå kulturen, seier Freng Dale.

– I tillegg fører oljesponsinga til ei kjensle av sjølvsensur blant kulturaktørar. Ein vil ikkje bite handa som gir ein mat. Det er alvorleg dersom kunstnaren ikkje lenger er ein fri, uredd aktør, seier Freng Dale.

Sjølv om Statoil er eit delvis statseigd selskap, meiner ho det er skilnad på å få støtte frå staten og frå Statoil.

– Statoil er eit privat eigd selskap, der staten berre er ein passiv eigar. Som medborgar kan eg påverke statens praksis, sjølv om eg mottek finansering. Det kan eg ikkje med Statoil, seier Freng Dale, som meiner fleire bør gjere som Øya-festivalen, som ikkje tek imot midlar frå oljeindustrien.   

Framtida.no har vore i kontakt med pressetalsmann Ola Anders Skauby i Statoil, som gjev følgjande svar på e-post:

«Generelt er sponsing en viktig del av virksomheten vår og bidrar til å nå våre overordnede forretningsmål. Vi er avhengig av kompetente mennesker, å rekruttere dem og utvikle dem. Gjennom å støtte talenter innen idrett, kultur og realfag gir vi mulighet til å stimulere, løfte frem og inspirere barn og unge.»

Statoil kan ikkje gå ut med alle sponsoravtalane sine, men fortel at Morgendagens heltar-programmet utgjer totalt fleire ti-tals millionar i støtte til idrett, kultur og realfag.

LES OGSÅ: Nominert til stipend i millionklassen

«Det må ein katastrofe til for å opne augo våre»
Den norske aksjonsgruppa Ragnhild er del av, går i Paris saman med grupper frå mellom anna USA, Kanada, Storbritannia og fleire ulike land.

Elisa Dassoler er filmskapar og doktorgradsstudent i visuell kunst frå Brasil. Dassoler fortel at det har vore lite debatt i Brasil om sponsing av kulturliv frå oljeselskap eller andre ekstraktive næringar. No opplever ho at dette er i endring.

Særleg har den nylege miljøkatastrofen, då ein demning brast ved ei jerngruve og sende farleg avfall kring 440 km nedstraums i området Minas Gerais, satt temaet på agendaen. Selskapet Vale, som eig gruva saman med BHP Billiton, seier at det vil ta fleire år før Doce-elva er fri for jern, vatn og anna avfall att.

12 menneske døydde i katastrofen og kring 500 har mista heimane sine. Elva er ei av Brasils viktigaste, mellom anna som drikkevatn og for fiskarar.

– Etter katastrofen ville mange vite kva den verdskjende fotografen Sebastiao Selgado, som har blitt sponsa av Vale, meinte om katastrofen. Etter å ha vore stille i nokre dagar, uttalla han at han var trist og opprørt, men at han stolte på at Vale vil reparere skaden. Vi veit at det ikkje vil skje, seier Dassoler.

– Diverre må det ei katastrofe til før vi får augo opp. I ettertid har det vore fleire protestar frå kulturaktørar.

LES OGSÅ: Litteraturfestival tek for seg oljå

oljekulturmartinwatters
340 står det under armen til australske Martin Watters. Det er så høg konsentrasjon det var av CO2 i atmosfæren året han vart fødd, 1981. I dag er det over 400 ppm CO2 i atmosfæren. 

Brennmerka aktivisme
Sirkelen har løyst seg opp, og aktivistane ser ut til å laga seg ein plan. No er dei i full gang med å klargjere protesten neste dag.

– Den skal vere del av logoen til anten Eni eller Total, forklarar australske Martin Watters, som er i ferd med å måle ein av paraplyane gul.

Watters er del av rørslene Divest London og Liberate Tate. Han løftar opp gensaren. Under armen har han tatovert tre små tal: 340.

Det er så mykje CO2 det var i atmosfæren i 1981, året australiaren vart fødd. I mars 2015 bikka nivået av CO2 i atmosfæren 400 parts per million (ppm). Det såkalla trygge talet er berekna til 350 ppm. For å unngå farlege klimaendringar, må vi difor ikkje berre kutte utsleppa av CO2. Vi må også fjerne CO2 frå atmosfæren.

Tatoveringa tok Watters saman med andre aktivistar under ein protest på Tate-museet i London, som også tek imot finansering frå oljeindustrien.

Ei anna rørsle som deltek i aksjonen, er «BP or not BP». Den britiske organisasjonen jobbar spesifikt med å få BP (tidlegare British Petroleum) ut av fire store kulturinstitusjonar i Storbritannia.

– Vi kallar det kunstvasking når bedrifter brukar kunst til å reinvaske sitt tilsmussa omdømme. Det er viktig for oss å opptre og ta tilbake desse scenene for publikum og kunsten, forklarar Chris Garrard.

Ingen kunstlisens til oljeselskapa
Onsdag gjorde aktivistane frå Noreg, Brasil, Australia, Storbritannia og dei andre landa det klart kva dei meiner om oljeindustriens rolle i CO2-reknestykket. Kledd i svart og med paraplyar som til saman stava orda «Fossil free culture» gjennomførde dei sin performance ved Louvre-museet.

Under protesten tok ti av aktivstane seg inn i museet, der dei mellom anna simulerte oljesøl på golvet. Alle desse vart ifølgje Hyperallergic.com arrestert av politiet, men slapp ut same kveld.

– Vi veit om klimaendringane og vi ser kva som skjer i Niger-deltaet i Brasil. Vi vil ikkje gi selskapa lisens til å halde fram som før, seier brasilianske Dassoler.


Svartkledde og med paraplyar som til saman stavar «Fossil Free Culture» protesterte kunstnarar frå mange ulike land i Paris onsdag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE