COP21: Dei store spørsmåla er framleis uløyst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Blir dette vedteke er me heilt avhengige av ein massiv forsterkning av klimakutta, særleg frå rike land, raskt. Om ikkje vil me møta katastrofale klimaendringar, skriv Naturvernforbundets Lars Haltbrekken i ein e-epost etter at det siste utkastet til ein klimaavtale vart offentleggjort torsdag kveld.

På førehand har dei fattigaste landa sagt seg villige til å kutta sine CO2-utslepp med større mengder enn dei rike landa, som allereie forureinar meir.

I det nye forslaget skal landa skjerpe utsleppskutta sine kvart femte år.

Den endelege avtalen skulle eigentleg leggjast fram i dag, men Frankrikes utariksminister Laurent Fabius har varsla at det endelege forslaget til ein klimaavtale er utsett til laurdag. Det melder BBC.

LES OGSÅ: Øyunn, Maiken og Mats vil heim og kjempe

Einige om temperaturen
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft har hatt ei sentral leiarrolle i innspurten av COP21-forhandlingane utfor Paris.

Avtalen som no vert forhandla fram på flyplassen Le Bourget utfor Paris skal tre i kraft frå 2020.

Det siste utkastet slår fast at ein tek sikte på å halde temperaturauken godt under 2 grader celsius frå førindustrielt nivå og gjera tiltak for å avgrensa temperaturauken til 1,5 grader.

Verda har allereie vorte 0,9 grader varmare enn før år 1850, som er det ein kallar førindustrielt.

I 2018 skal FNs klimapanel etter planen koma fram med ein rapport som tek føre seg konsekvensane av 1,5 graders oppvarming.

1,5 gradersmålet har vorte fremma av over 120 nasjonar, og er særleg viktig for små øystatar som er truga av havnivåstiging i tillegg til fleire afrikanske og latinamerikanske land. Seinare har både Tyskland, Frankrike slutta seg til dette målet.

Noreg har på førehand slutta seg til målet om å halda temperaturauken «under 2 grader».

Tidleg i forhandlingane fekk Noreg kritikk for å villa halda på ordninga med kvotehandel og forslaget om å flytta punktet om omsyn til menneskerettar, arbeidarar og urfolk ut av sjølve avtalen og inn i forordet.

LES MEIR: Rijan (23): – Det er ikkje ein rettvis prosess

Færre klammer
Det siste utkastet er på 27 sider og har betydeleg færre punkt i klammeformer. Her han du sjå ei oversikt over kvar det var flest uløyste klammer:

Sivilsamfunnet verda over har vore særleg oppteken av ein rettferdig klimaavtale.

Fordeling av klimainnsatsen mellom rike og fattige land er eit av dei verkeleg store spørsmåla som står att.

Avtalen slår fast at rike land skal auke pengestøtta til fattige land. Kritikarane peikar på at avtalen ikkje kjem med nye pengar, men tek inn dei pengane som allereie er lova.

Enkelte sivilsamfunnsaktørar har òg kritisert at delar av forhandlingane føregår i lukka rom. I tillegg er mange misnøgde med at unntakstilstanda i Frankrike gjer det vanskeleg å demonstrere i gatene.

Den store klimamarsjen siste dag av forhandlingane, 12. desember, er avlyst, men der er planar om alternative markeringar.

LES OGSÅ: Norske Martine (25) kjempar for meir openheit i forhandlingane

Gap mellom mål og utsleppskutt
Det nye forslaget har òg gått bort frå omgrepet dekarbonisering, som betyr å slutta med fossil energi. I staden har landa sett seg mål om «klimagassutsleppsnøytralitet i andre halvdel av dette århundret».

– Det er stor avstand mellom målet om å unngå farlege klimaendringar og viljen til å kutte utslepp frå kol olje og gass. Avtalen slår sjølv fast at verdas land er bekymra for det store gapet mellom måla om å hindra alvorlege klimaendringar og dei lova utsleppskutta. Samstundes følgjer dei ikkje opp med klare og målbare mål på kort sikt, meiner Haltbrekken.

Les meir frå klimatoppmøtet her!