LUKE 10: Kva er eigentleg ein krabat?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje høyrt uttrykket «ein søt liten krabat»om både born og dyr. Men opphavet til ordet er ikkje like koseleg.

På norsk tyder ordet krabat ein vilter gut, fyr eller knekt og er eit ord me har lånt av nedertysk.

Ordet kjem eigentleg frå ordet kroat, som er det me kallar innbyggjarane i Kroatia.

Kroat vart brukt som skjellsord etter Trettiårskrigen (1618-48), der kroatiske leigesoldatar på fransk side var kjent for sine grusomheiter. Det er altså ikkje snakk om søte små krabatar.

I dag er språket bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk førstespråket til om lag 23 millionar menneske i Bosnia og Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia.

Dei fire greinene vert omtalt som ulike språk, men kan òg samanliknast med ulike dialektar, sjølv om kroatisk og bosnisk vert skrive med det latinske alfabetet, medan montenegrinsk og serbisk hovudsakleg vert skrive med det kyrilliske alfabetet.

Kjelde: Allkunne