Luke 9: No woman, no cry

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reggaemusikar Bob Marley var rastafarianer, og opna konsertane sine med å ønskje velkomen i namnet til Jah Ras Teferi. «No woman, no cry», sang han.

Ordet rastafari kjem frå amharisk.

I 1930-åra oppstod det på Jamaica ein ny religion, rastafari-rørsla eller rastafarianism, med element frå kristendomen og jødedomen. Sentralt i denne religionen står trua på at den etiopiske keisaren Haile Selassie 1. var guddomleg. Før han vart krona til keisar i 1930, heitte han Ras Teferi Mekonnin, og det er dette Ras Teferi, som er opphavet til rastafari.

Ras er det amhariske ordet for «hovud», men det er òg ein tittel som kan omsetjast med hertug. Teferi er eit amharisk personnamn.

Kjelde: Allkunne.

Sjå dei andre opne lukene her!