Føreslår biff-skatt og auka bilskatt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Prinsippet om at forureinar skal betala må stå heilt sentralt, uttala professor Lars Erik Borge då han i dag la fram forslaga frå Grøn skattekommisjon.

Her er nokre av dei viktigaste av dei totalt 80 forslaga:
► Aukar avgiftene på bruk av bil med 12-17 milliardar.

► For lette køyretøy blir det ulukkesavgift, miljø- og køprising og ny vegbruksavgift på drivstoff.

► Null- og lågutsleppsbilar får eingongsavgift, moms og årsavgift på same måte som andre køyretøy.

► Tyngre køyretøy: satellittbasert vegprising.

► Tilskotet til ikkje-statlege flyplassar blir avvikla. Dette gjeld Notodden, Skien, Stord og Ørland.

► Skattefrådraget for pendlarreiser blir avvikla.

► Avviklar taxfree-kvoten på alkohol og tobakk.

► Ny avgift på alle utslepp av klimagassar i ikkje-kvotepliktig sektor på 420 kroner per tonn CO2 .

► Produksjonsstøtta til raudt kjøt blir redusert. Det blir òg innført ein skatt på raudt kjøt.

► Avgift på klimagassutslepp på inngrep i myr og større arealendringar.

► Subsidiar og skatteutgifter med negativ miljøverknad blir fjerna eller redusert.

LES OGSÅ: Vil skatta miljøsyndarane

Grøn skattekommisjon reknar med at auka skattar og avgifter på forureining kan gi staten 25-30 milliardar meir i inntekter. Dei føreslår å bruka desse pengane på lågare person- og selskapsskatt og støtte til kollektivtrafikk.

Les heile forslaget til Grøn skattekommisjon her!