Unge Høgre-leiar: «Vi skal lage pepperkakelandsbyen Raqqa og kampflypepparkaker der det står "Greetings from France" i melis»

mm

Fram til 2025 skal Noreg skaffa inntil 52 kampfly med våpen og utstyr til ein verdi av 67,9 milliardar kroner. Det første flyet kjem til Noreg i 2017 .

Måndag feira regjeringa flykjøpet med peparkakefest, ifølgje regjeringa sin eigen instagramkonto.

Det har skapt skarpe reaksjonar.

– Fly flate så usmakelig, skriv SV-politikar Signe Ekeland.

– Som dep-tilsett synes eg dette er flaut av regjeringa/FD. Flaut, skriv Kari Bjørke, tilsett i Kunnskapsdepartementet og styreleiar i Samlaget.

LES OGSÅ: Laga underverk av peparkake

Legg seg flate som pepparkaker
I ein kommentar under bildet skriv regjeringa litt seinare: 

– Flott med tilbakemeldingar! Alle partia på Stortinget røysta for at Noreg skulle kjøpa #F35 #kampfly. Men vi toler litt #peppar her inne — sjølv om det nok vert #kakemarkering når dei første flyene kjem til Noreg om 2 år.

Men dette sette ikkje ein stoppar for kritikken frå opprørte instagram-brukarar. Derfor svarer regjeringa igjen:

– Ingen grunn til å legge seg flate
Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise synest regjeringa overreagerer, og skriv på Facebook:

– Nei nei nei! De legg dykk ikkje flate for dette. Det er ingen grunn til å «skjøne at dette blei for hard kost».

– Det er ei pepparkake, for helvete. Eg inviterer herved til juleverkstad. Me skal lage pepperkakelandsbyen Raqqa og kampflypepparkaker der det står "Greetings from France" i melis.

Til Framtida.no seier Kristian Tonning Riise at han meiner det er tullete å reagera på kampflypepparkakene.

– Reint kommunikasjonsfagleg så kan det kanskje vera lurt å beklaga. Men det hadde vore interessant å ta på ekstra ryggrad i denne saka, seier han.

Om han verkeleg skal laga til juleverkstad der det blir laga ein pepparkakemodell av IS-hovudstaden Raqqa og kampfly, står enno att å sjå.

– Det var humoristisk meint, men viss det er eit genuint ønskje, så skal me sjå om me får det til.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Støttar militær støtte i krigen mot IS
Måndag blei det kjent at USA har bede Noreg om å delta militært i kampen mot IS.

Unge Høgre-leiaren er klar på at Noreg bør delta i kampen.

– Me har alltid vore klare på at Noreg bør stå solidarisk med våre allierte. Når nære allierte har blitt utsett for eit koordinert terrorangrep av ein terrororganisasjon som held eit territorium, så meiner eg det er rett av me bidrar. IS er ein trussel mot heile Europa og heile vår sivilisasjon, understrekar Kristian Tonning Riise.

LES OGSÅ: Terrorangrepa som har tatt flest liv i 2015

Regjeringa delte tysdag ei hjarteforma pepparkake på Instagram:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE