Atle Hansen om skulegudsteneste i skulen.

Atle Hansen
Atle Hansen

Eg trur ikkje nokon har vondt av å læra om andre, eg trur ingen lir overlast av å få utvida horisonten sin bitte litt, eg kan ikkje fatta at nokon kan nekta ungar å syngja jule­songar. Eg trur beint fram at dei har godt av det.

Eg hugsar det som om det var i fjor. Eg stod der i kvit kappe og med ein sveis som var nyleg øydelagd av ein kortklippande frisør på Stord, og såg prost Sørheim som kom med sakte steg og svart kjole ned trappa med kurs mot meg. «Kan du Atle Hansen greia ut om den miskunnsame samaritanen?» var det første spørsmålet han stilte. Eg stod blant dei første i rada og var budd på det som skulle skje.

Eg fekk det vel til på eit vis, eg kunne forteljinga då, ho var nypugga til konfirmasjonen. No er ho ikkje like klår i minnet mitt, men eg hugsar hovudpoenget. Det var han som ein ikkje venta hjelp ifrå, han som høyrde til ei utstøytt religiøs sekt, den lågaste på rangstigen, som trødde til då trongen til hjelp var størst.

For meg er dette på eitt vis den eigentlege juleforteljinga, den ålmennmenneskelege, den som gjeld for alle menneske i alle tider og alle sosiale situasjonar. Viss nokon treng hjelp, skal dei få det, same kven dei er og kven du er, for påbodet er at du skal elska grannen din som deg sjølv. Ein god leveregel, anten du vedkjenner deg ein eller annan variant av kristentrua, eller du som meg skal leita med lys og lykter i DNA-et om du skal finna eit bitte lite religiøst gen.

Men, tenkjer eg, skal du elska grannen din, så må du også elska deg sjølv. Viss eg har mistru til mitt eige liv, min eigen kultur, min eigen moral og eg har funne meg ein vaklande ståstad i verda, korleis kan eg då vera trygg nok til å respektera, ha tiltru til andre?

Les også: Far til skuleelev ber folk om å ta eit val om kyrkja

Kan eg elska og æra meg sjølv på ein trygg nok måte til å elska og æra andre, utan å vita kven eg er og kva eg er skapt av? Hadde eg fått genane mine granska ville det komme fram eit konglomerat av nasjonar og folkeslag. I mi eiga amatør-klyving i slektstreet har eg møtt på ei fargerik blanding av lausungar og lensmenn, landgrevar og leiglendingar, offiserar og fattige fiskarar, pietistar og ateistar og sjølv om det ingen stad er nemnd, heilt sikkert sjøsamar.

Men det var det få som ville vera i dei tider. Dei var ikkje skikkelege folk. Dei var ikkje norske nok. Dei ville heller stamma frå forliste spanske sjømenn, slik pappa trudde han gjorde og såg ut som. Han kom frå Finnmark.

Ein gong, som liten gut, sat eg på ei trapp saman med andre ungar i nabolaget. Ei gammal, krokbøygd kone med skaut og sidt skjørt kom bort til oss. Ho peika på dei andre ungane og sa namna på foreldra deira. Då ho kom til meg sa ho berre «og du e son te nordlendingjen». Tvi vørde. Eg var ikkje vatn verd. Ho var blant dei som gjekk fast i det eine bedehuset.

Der gjekk eg òg. Eg gjekk i begge bedehusa og i kyrkja når eg måtte det i høgtidene. Eg gjekk på søndagsskulen hos dei frie evangeliske og på yngres hos dei kyrkjetru. Eg gjekk rundt juletre og åt bollar og kakao både i bedehus og på den julefesten som onkel min skipa til i ungdomshuset. Eg song julesongar om Betlehem av full strupe og stampa rundt den heidenske einerbærbusken av stor lyst.

Eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong har trudd på verken Gud eller Hinmannen, men eg har heller aldri meint at eg har hatt vondt av å høyra om nokon av dei.

Eg er heller ikkje berre eit produkt av den genetiske lapskausen slektstavla mi har kokt i hop, men i like stor grad av miljøet og kulturen eg har vakse opp. Eg er forma av ein kultur som byggjer på alt frå gammalgresk filosofi, semittisk monoteisme, gammal norsk overtru, human etikk, nedarva veremåtar, samfunnsøkonomisk tenking, moderne naturvitskap, politiske teoriar og alt mogeleg anna som inngår i denne store veven som gjer oss til menneske.

Sunnhordland meiner: Julegudstenesta er ein del av kulturarven

Å vera norsk er å vedkjenna seg vår særeigne miks av genetikk, kultur og politikk. Å vera norsk er også å snakka eit språk som står med døra vidopen for ord og uttrykk frå heile verda, men som smir dei til og formar dei om slik at dei høver inn og lèt som om dei har vore der heile tida, altan, divan, pøbb, sjampanje, genser og bil.

Å vera norsk er for meg også å feira jul med kristne symbol, lys og stjerner og leggja gåver rundt ei heidensk gran medan songane om barnet i Betlehem strøymer ut frå stereoen. Eg syng gjerne med, og etter at eg kjøpte meg trøorgel, trampar eg meg gjerne gjennom Glade jul medan pinnekjøtet kokar (ja, eg kokar det).

Eg les ikkje juleevangeliet, men eg tenkjer på det. Det er ei fin historie om huslause som vert tekne imot og gjevne rom, endå det er fullt overalt elles. Ho liknar på historia om den miskunnsame samaritanen, ho fortel at du skal hjelpa folk, same kven dei er.

Les også: Nysæter ungdomsskule droppa julegudstenesta

Eg kan ikkje skjønna kvifor ikkje skuleelevar skal læra seg norske juletradisjonar, kristne julesongar og gå i kyrkja før jul og læra korleis den religionen som dominerer samfunnet og kulturen vår, vert praktisert, og korleis denne eine semittiske guden vert dyrka i vår del av verda. Det er trass alt same guden som jødar og muslimar ber til. Eg trur ikkje nokon har vondt av å læra om andre, eg trur ingen lir overlast av å få utvida horisonten sin bitte litt, eg kan ikkje fatta at nokon kan nekta ungar å syngja julesongar. Eg trur beint fram at dei har godt av det. Kan henda får dei med seg nokre ord om miskunn på vegen.

Sjølv reknar eg meg som kristen-ateist, heller enn humanetikar. Når eg stundom er i kyrkja, høyrer eg med stor undring på det presten seier, og lurer på om han verkeleg trur på dette, men når det kjem til salmesongen, då syng eg så høgt eg berre kan.

Først publisert i Sunnhordland.no.

QUIZ:Er du god på julesongar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE