Luke 8: Du gjettar aldri kva det eigentleg tyder

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du gjettar aldri kva det tyder

Eit av dei best kjende lånorda våre frå skotsk er glamour, skriv Allkunne.

Fleire skotske ord har kome inn i norsk via engelsk, og mest kjend er glamour. Skotsk glamour tyder eigentleg magi ellertrolldom.

Den norske uttalen [ɡlaˈmuːr] er ei misforståing. Vi trur ordet er fransk, og lèt det rime med amour 'kjærleik'.

Eigentleg kjem order via anglonormannisk gramarie 'grammatikk' frå latin grammatica, igjen av gresk grammatikḗ γραμματική.

God 8. desember!

Sjå dei andre lukene i julekalenderen som me har opna!