Luke 6: Je t’aime, Frankrike


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange tykkjer fransk er eit vakkert språk og dei mange franske lånord i norsk kan tyde på at også nordmenn er svake for den fransk sjarmen.
Eller kanskje kjem det av at fransk var det viktigaste internasjonale språket i Europa på 1700-talet, og til ein viss grad på 1600- og 1800-talet. I alle fall ifølgje Allkunne, som kan informere om at kongehusa og adelen i mange land nytta fransk som daglegspråk.
I dette tidsrommet kom det mange franske ord inn i dei fleste språk i Europa.
På norsk har vi til dømes:
ambassade, byrå, celeber, dessert, emalje, føljetong, grateng, habitt, interiør, journalist, kalori, losje, møbel, nivå, ordre, poeng, rang, sjåfør, trikot, utrert (outrert), valør.
Orda kjem av fransk ambassade, bureau, célèbre, dessert, émaille, feuilleton, gratin, habit, intérieur,journaliste, calorie, loge, meuble, niveau, ordre, point, rang, chauffeur, tricot,outré, valeur.
God 6. desember!