Julebord i parentes

Det er den tida på året igjen, og regjeringa og samarbeidspartia har begynt forhandlingane om årets regjeringsjulebord.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kilder nær regjeringsapparatet (Det er det vi som skriv i avisa seier når vi har vore på fylla med ein politikar som snakkar for mykje) trur partane kjem til å komme fram til ein avtale om julebord også denne gongen, kanskje allereie i løpet av februar-mars.

Vi kjenner til (eigentlig er det berre eg som kjenner til det, men det ser tøffare ut å skrive «vi») at det er utarbeidd eit forslag til invitasjon som no blir drøfta i partigruppene. Forslaget er jobba fram av ei gruppe som ingen av partia vil vedkjenne seg, og partigruppene har skrive sine kommentarar i parentes undervegs i utkastet:

JUL! JUL! JUL! JUL!!

Kjære alle saman. (Frp: Alle saman? Er det verkelig nødvendig? Kva med «Kjære nokon»? Eller «Kjære litt»? Eller «Hei»?) (H: Same for oss, så lenge Erna får halde fram med å vere statsminister og sjå litt oppgitt ut.) (KrF: Kjempefint! Bra!) (V: Kunne vi fått til endå meir enn «alle saman»? Kva med «skikkelig alle saman»? Eller «absolutt alle saman»?)

Førjulstida er ei tid for ettertanke. Ei tid for lys og kjærleik. Ei tid for sosialt samvær med gode venner og kollegaer. (V: Kanskje legge til: «Og FrP-politikarar»?) (Frp: Kanskje legge til: «Og Venstre-politikarar»?) (KrF: Kanskje legge til: «Og folk frå regjeringspartia»?) (H: Sikkert fint)

Dette har vore eit svært godt år for regjeringa. Det har skjedd forferdelige ting i verden, og nokre av dei forferdelige tinga har heldigvis gitt positive utslag på meiningsmålingane for nokon i regjeringa. Dette må feirast! (Frp: Kjempefint!) (KrF: Dersom dette skal vere med, skal vi også ha med noko i invitasjonen som det utvilsamt er vi som har skrive. Eit eller anna med gud eller fattige eller noko.) (V: Dersom dette skal vere med, skal vi ha med noko grønt.) (H: Sikkert fint.)

Vi var sterke og klarte å gi landet eit budsjett som ingen av oss heilt likte. Og vi innførte ei flyseteavgift som ingen av oss vil ta ansvaret for. Dette viser at når det verkelig gjeld, så er denne regjeringa i stand til å stå samla om å ta avstand frå politikken vi fører. (Frp: Mykje tekst her no. Kva blir det å ete?) (V: Dette er fint. Dette er vi for. Med mindre det skulle komme ut og bli kritisert. Då er vi imot.) (KrF: Dette er fint, men vi kan også vere med på å ta det ut dersom vi får inn noko om fattige.) (H: Den er grei.)

Årets julebord skal vere grønt, og alle må betale ei miljøavgift for kvar bit av raudt kjøt dei et. (FrP: Kven har skrive dette, eigentlig?) (V: Kan vi seie at det er vi som har skrive dette dersom det er populært, og så kan vi ta avstand frå det og skulde på Frp dersom det blir latterliggjort?) (H: Sikkert fint. Whatever. Moving on.) (Frp: Vi kan gå med på å støtte dette, men berre dersom vi får seie at vi ikkje støttar det.) (KrF: Kan vi seie at denne avgifta også går til fattige?)

Denne miljøavgifta skal brukast til å betale for julebordet. Men det er det ikkje nødvendig å snakke så høgt om. Då blir berre KrF og Venstre sure. (KrF: Hallo?! Vi les dette altså!) (V: Så lenge det heiter miljøavgift, så er det greitt for oss. Med mindre det blir kritisert, då veit vi ingenting om det. Skal vi ha grønsaker, forresten?) (FrP: Topp!) (H: Ok.)

For at alle partia skal bli fornøgde, seier vi at dei små partia har fått gjennom at miljøavgifta berre skal betale for litt av julebordet. (KrF: Brillefint! Hurra!) (V: Yeah!) (Frp: Mat snart no eller?) (H: Joda.)

God jul! (KrF: Veldig glad for denne setninga. Dette tolkar vi som fullt gjennomslag for vår politikk!)


Først publisert i Aftenposten 5. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!