Luke 5: Kajakk, ja, takk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skjer ikkje så ofte, men det hender seg at ein treng å seie «han fekk dei til å bli til». På Grønland har dei gjort det enkelt for seg sjølve, og laga eit ord for denne situasjonen. Pinngortippai, seier dei berre.

Her i Noreg har vi fleire lånord frå grønlandsk. Kajakk, kjem av grøndlansk qajaq. Iglo kjem av illu, som tyder hus. Nunatak kjem av grønlandsk nunataq. Ein nunatak er forresten ein fjelltopp som stikk opp av innlandsis eller bre, for dei som ikkje visste det.

God 5. desember!

Kjelde:Allkunne.