LUKE 3: Kva har avokadoen, orkideen og testikkelen til felles?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har orkide og testikkel til felles?

Orda avokado, kakao og tomat har vi lånt frå språket nahuatl.

Nahuatl er førstespråket til kring 1,5 millionar menneske, dei fleste i Sentral-Mexico, men også mange i USA og El Salvador.

Ifølgje Allkunne er det mange ord frå nahuatl i europeiske språk.

Avokado kjem frå ordet āhuacatl. Nahuatl āhuacatl tyder det same som gresk órkhisὄρχις 'testikkel', ordet som orkidéer avleitt av.

Andre ord frå nahuatl er chili, coyote, guacamole, kakao, kopal, ozelot og tomat.

Les meir på Allkunne og følg vår språk-julekalendar fram mot julafta.

God 3. desember!

LES OGSÅ:The real julekalender – luke 1