Ein skakk prest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to veker sidan stod Andreas Ihlang Berg på scena i paljettar og fargesprakande dragutstyr. No sit han betydeleg mindre glamorøst kledt på kontoret sitt ved Teologisk fakultet og fortel om korleis han skal utfordra den heterofile dominansen i teologien. Han forlét nyleg prestejobben i Tromsø for å skriva doktorgrad i queer teologi: Han vil revolusjonera kyrkja og ekteskapet.

Doktorgradsavhandlinga kjem til å utfordra tradisjonelle kjønnsroller og forståinga av likekjønna ekteskap.

– Norma har vore at ein må verta gift og reprodusera seg for å verta lukkeleg. Debatten rundt likekjønnet ekteskap føregår på feil premissar når han handlar om korleis homofile og andre skeive skal verta mest mogleg like heterofile og oppretthalda norma.

Berg meiner at ekteskapet ikkje berre bør romma homofile og heterofile forhald.

– Kvifor kan ikkje til dømes ekteskapet opna opp for polyamorøse forhald, altså at fleire kan gifta seg, spør Berg på veg inn i kapellet.

Han vil bruka queer teori, som utfordrar det vi ser på som «normalt», til å sjå på korleis forståinga av ekteskapet kan verta meir inkluderande for alle. Queer teori er kritisk til tradisjonelle kjønnsroller og at heterofili vert sett på som den einaste forma for samliv.

LES OGSÅ: – Dette er prisen idretten betaler

Skapt i Guds bilete
Teologi er studiet av religiøse tekster og det levde liv, medan queer teori utfordrar oppfatninga om at det heterofile er mest naturleg. Ifølgje Berg er det to hovudretningar innan queer teologi. Ei retning ynskjer å styrkja diskriminerte personar og baserer seg på at alle er skapt i Guds bilete, uavhengig av kjønnsidentitet og seksualitet. Den andre retninga tolkar dei bibelske tekstene i eit queer-perspektiv.

– At Gud kom til verda, som Jesus, gjennom ei kvinne, jomfru Maria, og voks opp med ein fosterfar, Josef, er eit døme. Dei er langt frå nokon tradisjonell heterofil kjernefamile, og dei braut med tradisjonelle kjønnsroller, fortel Berg. Det er eit døme på ein bibelsk tekst som er ganske «queer», fordi han problematiserer kva vi ser på som unormalt og viser samstundes at realiteten er mykje meir mangfaldig enn mange trur.

LES OGSÅ: Vil ta knekken på homodiskriminering

Nye identitetar
Eit anna døme er den bibelske figuren Paulus, som snakkar om at ein ikkje er jøde eller grekar, men først og fremst menneske. Paulus ville bort frå å dela menneske inn i tradisjonelle kategoriar, og heller finna nye former for fellesskap.

Dette fell saman med den queer-teoretiske kritikken av at marginaliserte minoritetar ofte vert sett på som noko forskjellige og unaturleg enn majoriteten, fordi dei bryt med det som vert sett på som normalt.

– Paulus opnar opp for at identitetane våre skal byggja på noko nytt når han seier at dåpen skal sameina oss, anten ein er jøde eller grekar, og at gamle kategoriar skal opphøyra, forklarer Berg.

LES OGSÅ: Skeivt om skeiv litteratur

Gud er skeiv
I doktorgradsprosjektet sitt vil Berg løfta skeive stemmer fram for å belysa dei bibelske tekstene og korleis Den norske kirke kan få ei lukkenorm som passar betre med dagens røyndom.

– Eg vil bort frå premisset om at lukke for alle handlar om å få barn og bidra til at lukka til fleire menneske og definisjon på det gode liv skal inkluderast i teologien og ekteskapet. Seksualiteten er i realiteten meir flytande.

Ifølgje Berg undertrykkjer dagens praksis òg heterofile. Som prest møtte han mange par som skulle gifta seg, og som uttrykte heilt andre ønske enn den kyrkja la til rette for. Normene hindrar folk frå å utforska alternative samlivsformer, blant anna polyamorøse eller opne forhald. Berg løftar fram eit kjent queer-sitat:

– Heteroseksualitet er ikkje naturleg, men sett på som normalt. Det er altså ein sosial konstruksjon som vi kan plukka frå kvarandre.

Saka er henta frå Universitas

Faktaboks

Queer teori utfordrar tradisjonelle syn på kjønn, seksualitet og samliv.

Teologi er læra om Gud, og ser på tilhøvet mellom det levde livet og religiøse tekster.

Queer teologi undersøkjer korleis forståinga av bibelske tekster er prega av eit tradisjonelt syn på kjønn og seksualitet.