242 bibliotekprosjekt får støtte
Nasjonalbiblioteket løyver 24,5 millionar til utvikling i biblioteka. Hordaland får mest.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nasjonalbiblioteket har løyvd 24,5 millionar kroner til aktivitetar i biblioteka og utvikling av biblioteka som møteplassar. Til saman 242 prosjekt er støtta med mellom 15 000 og 2 millionar kroner. Det skriv Nasjonalbiblioteket sjølv i ei pressemelding.
– For oss har det vore viktig at så mange kommunar som mogleg får starta utviklingsprosessen vi initierte med den nasjonale bibliotekstrategien. Difor har svært mange prosjekt fått støtte, sjølv om ikkje alle har fått like mykje som dei søkte om i denne runden. Tilsvarande midlar vil løyvast kvart år i heile strategiperioden, og dei neste fire åra skal alle norske folkebibliotek få høvet til å utvikla seg som arrangørar, lærings- og debattarenaer, seier Nasjonalbibliotekets direktør Aslak Sira Myhre i pressemeldinga.
LES OGSÅ: Vil skapa pulserande litteraturhus over heile landet
For å stimulera til vidare utvikling, prioriterte Nasjonalbiblioteket i denne tildelingsrunden prosjekt knytt til tilrettelegging i biblioteklokala. Størstedelen av dei til saman 77 millionar kronene det var søkt om, var knytt til nettopp denne typen prosjekt.
Faktaboks
Slik er den totale fordelinga mellom fylka:
Østfold: 1.095.000
Akershus: 2.275.000
Oslo: 2.000.000
Hedmark: 1.060.000
Oppland: 1.090.000
Buskerud: 1.610.000
Vestfold: 1.160.000
Telemark: 880.000
Aust-Agder: 580.000
Vest-Agder: 840.000
Rogaland: 2.500.000
Hordaland: 2.650.000
Sogn og Fjordane: 830.000
Møre og Romsdal: 1.000.000
Sør-Trøndelag: 1.530.000
Nord-Trøndelag: 901.000
Nordland: 1.019.000
Troms fylke: 960.000
Finnmark: 660.000