Må køyre tunnel frå nyttår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tunnelkøyring blir obligatorisk

Frå nyttår blir nye reglar for oppkøyring til personbil innført.

Avdelingsdirektør for trafikantseksjonen i Vegdirektoratet Bente Skjetne forklarer at dei nye reglane stiller krav til at tunnelkøyring skal vere ein del av både den teoretiske og praktiske prøven.

– Bakgrunnen er at førarar skal kjenne til og forstå prinsippa for sikker køyring i tunnel. Vi har jo sett dei siste åra at det har vore ein del ulykker knytt til tunnel, så då er det viktig at dei som køyrer veit kva for risikoar som er knytt til køyring i tunnel, og kva dei skal gjere om dei kjem ut for ein situasjon der dei må gjere noko, seier ho til NRK.

Under sjølve oppkøyringa gjeld kravet berre der det er praktisk gjennomførbart. (©NPK)

LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!