Bloggar om å mista kjærasten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Madelen Hansen Tungesvik fekk livet snudd på hovudet då ho møtte Peter Myhre frå Valen i desember i fjor. Dei to blei kjærastar, og Madelen fekk vera ein stor del av kvardagen og livet til Peter gjennom sjukdomsperioden før han døydde av kreft 20. mars i år.

Det er mykje av årsaka til at ho blei kontakta av produsentane bak det nye tv-programmet «FML» som går på kanalen TV2 Livsstil på tysdagar, ein dokumentarserie om korleis det er å vera ung i Norge i dag. I morgon kveld får du dermed sjå intervju med husnesingen som del av denne vekas episode.

LES OGSÅ: Når blogginga blir terapi

– Dei kontakta meg etter å ha funne ein artikkel om meg og Peter frå Bergens Tidende, og spurde om eg ville vera med i programmet. Eg såg på det som ei fin sjanse til å få fortelja historia mi, og kanskje hjelpa andre unge som er i ein liknande situasjon, fortel Madelen.

Ho har også laga ein blogg der ho skriv om opplevingane ho hadde då ho var i lag med Peter – einlitenevighet.blogg.no.

– Eg elskar å skriva, og synest det er ein god måte å sortera tankane mine på. Å laga eit arkiv i hovudet er ikkje så lett, det er enklare når ein får skriva det ned. Dei heime meinte det kunne passa å laga ein blogg der eg skriv om det eg opplevde med Peter, i og med at eg skal vera med på «FML». Då får eg sjølv gå meir i djupna og forklara korleis det var.

LES OGSÅ: Bloggar om trening og eteforstyrringar

Terapi
Madelen fortel at ho ikkje har laga bloggen eller blir med på tv fordi ho vil ha merksemd.

– Nei, verkeleg ikkje. For meg trur eg det er terapi i dette at eg opnar meg, snakkar med folk om det som har skjedd, og svarer på spørsmål. I tillegg oppstår det så mange rykte på ein liten plass, og då er det godt å kunna få seia med eigne ord korleis det eigentleg var.

– Korleis har du hatt det etter at du mista Peter?

– Det har vore tøft. I starten gjekk eg heilt på autopilot. Så fekk eg ein fysisk reaksjon, og blei sengeliggjande i tre dagar utan å få i meg mat. Det har eigentleg berre blitt verre med tida, og det har ikkje heilt gått opp for meg at han er borte. Det kjem til å ta den tida det tar, og eg må fokusera på å få det godt med meg sjølv.

Madelen går no påbygg på Kvinnherad vidaregåande skule. Kva framtida fører med seg veit ho ikkje.

– Eg vil leva her og no, og gjera dei tinga eg likar. Tida med Peter var fantastisk, og ikkje noko eg angrar på. Han lærte meg mange gode ting, og alt dette eg har vore gjennom har gjort meg sterkare. Eg er blitt meir klar over kva som er viktig i livet, som familie og vener, og å nyta tida ein har i lag.