Om å reise bort for å koma heim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gunhild tek med seg sonen Knut ut på reise. Dei skal til Canada, og ho skal forsøke å få han inn på rett spor att. Knut er 16 år, og allereie dømd for ei valdsepisode. Gunhild er uroa for han, og håpar ei reise til vill audemark på eit anna kontinent kan endre på noko. Ho har eit ønskje om at det kan roe sonen og samstundes stabilisere eit turbulent tilhøve mellom dei to. 

At valet fell nettopp på Canada, er ikkje heilt tilfeldig. Gunhild sin oldefar, Knut Hope, reiste dit etter at han var godt etablert med familie, men kom aldri tilbake til Noreg. Ingen veit heilt kvifor.  Historia har vekt ein lengsel og ei nysgjerrigheit i Gunhild, og no kan det kanskje koma til ei oppklaring.   

Dei to kjem først til storbyen Vancouver. Vidare går turen til ein idyllisk stad ved Stillehavet. Stadig utan at noko losnar mellom dei. Den spente, men også kjærlege, stemninga blir tidvis skildra på artige måtar.

«Han et heile croissanten i fire jafs, og tar ein til. Han er tørst, drikk grådig av juicen, fyller glaset opp på nytt.

– Kan du la vere å sjå på meg medan eg et.

– Ja, så klart. Unnskyld.»

Siste stoppestad er den aude øya Nootka Island, der Gunhild etter kvart blir alvorleg sjuk. Som venta, kjem eit vendepunkt. Knut blir tvinga både til å koma nærare mora og å ta nokre nye val for sitt eige liv. Vala er naturlegvis ikkje upåverka av at dei endeleg har funne hytta etter tippoldefaren. 

Det er vanskeleg å bli fullstendig gripen av denne historia. Dei skumle partia kunne vore meir skremmande, og dei kjensleladde scenene enda meir inderlege. Ein blir korkje ordentleg skremt, eller ordentleg rørt.

Lesaren blir eigentleg lova ei meir spennande historie bak lagnaden til Knut Hope enn det som kjem fram. Samstundes er det å vise til liknande hendingar tidlegare i familiehistorie eit fint grep. Det gjev dagens problemstillingar noko ålment over seg. Å ta tilstrekkeleg ansvar for familien sin er noko folk har slite med til alle tider. Å rømme kan vera freistande nok for nokon kvar. Den som treng mykje tid åleine, finn kanskje inga anna løysinga.

Bokmeldinga blei først publisert i Magasinett.

Faktaboks

Tittel: «Lev vel, alle»
Forfattar: Hilde K. Kvalvaag
Sjanger: Roman/Drama
Forlag: Det Norske Samlaget (2015)
Lengd: 288 sider