The real julekalender

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The real julekalender - LUKE 1

Mange fryktar anglifisering av det norske språket, med påverknad frå amerikansk og britisk kultur. Men kanskje er det heller dronning Elizabeth II og hennar undersåttar som bør skjelve i nikkersen.

Ifølgje det levande leksikonet Allkunne finst det nemleg fleire veletablerte norske lånord i engelsk enn engelske i norsk.

Låneorda har vandra i store mengder mellom Storbritannia og Noreg. Vi nemner i fleng:

aweaxlebagbaitcall, crawldiedirteggfloundergetgifthithusbandillknifelawleg, mistake
mucknayoddploughraftransackskinskirtskytakethey,uglywantwindow – og mange andre.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

Det skal seiast at seinare har straumen snudd. I norske framandordbøker auka mengda med engelske ord frå om lag 6,5 prosent i 1953 til heile 9 prosent i 2000. Særleg reklamefolket let seg påverke: der har dei engelske innslaga blitt fordobla på dei tjue åra frå 1969 til 1989.

Kanskje ler dronninga sist likevel? Finn ut meir hjå Allkunne og følg vår språkjulekalender kvar dag til julafta.

God 1. desember til deg!