Tar Oslo 700 år tilbake med Minecraft

Studentar har rekonstruert korleis Oslo såg ut i mellomalderen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tar Oslo 700 år tilbake

Historiestudentane som tar særemnet «Oslo i mellomalderen», får læra om gamle dagar på nye måtar. Universitetslektor John McNicol har gitt studentane i oppgåve å bygga Oslo slik det såg ut i mellomalderen.

– Minecraft har vore blant dei meste populære spela i verda dei siste fem åra, og det er ganske enkelt å læra seg. Etter at eg hadde funne ut at det finst ein eigen versjon for utdanning, leigde eg serverplass hos Minecraft Education og kjøpte 60 lisensar til studentane, fortel McNicol til uio.no.

LES OGSÅ: Lagar Minecraft-museum i skuletida

– Studentane samarbeidde både i det verkelege Oslo og som avatarar i Minecraft, og dei nytta ei rekkje historiske kjelder for å klara å attskapa byen, fortel universitetslektoren.

Resultatet er at ruinane av mellomalderenbyen i Oslo har stått opp igjen som ein digital by av byggeklossar. Her er Mariakirken, Kongsgården, Nikolaikirken, Clemenskirken, Hallvardskatedralen, Bispeborgen, Olavsklosteret og Korskirken side om side, bygd opp av titusenvis av virtuelle byggeklossar.

LES OGSÅ: – Spel kan kutta skulen med to år