Vi er alle taparar

Nokon vil faktisk få budsjett-sjokk.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringspartia seier dei er fornøgde. Samarbeidspartia seier dei er fornøgde. Dei har jobba seint og tidlig. Dei har sveitta. Dei har flytta pengar. Dei har halde pressekonferansar. Dei har forklart at dei eigentlig har fått det som dei ville. Ikkje heilt, men litt, og slik er politikken. Ein må gi og ta. Dei har stått der, nybarberte men trøytte, og veldig fornøgde med seg sjølve. Og dei har venta å få klapp på skuldra for at dei har redda nasjonen og sørga for at vi får eit budsjett.

Men kva så?

Kva med ofra? Taparane?

Dette handlar om vanlige menneskes liv. Det kan vere lett å gløyme når ein sitt der på konferanserommet og drikk dårlig kaffi og rettar på slipset og flyttar på pengar.

Utrekningar vi har foretatt (det er det vi som vi som skriv i avisa seier når vi har brukt kalkulator i kontortida), viser at mange norske familiar kan vente seg tøffare tider med dette budsjettet. Nokon vil faktisk få budsjett-sjokk.
Ikkje minst gjeld dette ekstremt store familiar som flyg absolutt heile tida. Sjå berre kva dette budsjettet vil ha å seie for ein familie på trettiåtte som flyg innanriks to-tre gonger om dagen:

Ein slik familie vil, på grunn av flyseteavgifta, få aukte transportutgifter på 16 720 kroner per dag. Det seier seg sjølv at det er tøft.

– Kvar skal vi hente desse pengane? spør ein fortvila trettiseksbarnsfar vi har funne på.

Rett nok vil denne familien få ein liten skattelette, men for ein familie med norsk gjennomsnittsinntekt, vil skatteletten bli oppeten av avgifter allereie midtvegs i måndagens andre flytur. Og kva skal familien då gjere resten av veka? Gå?

– Kvifor skal vi straffast fordi vi ønsker å sjå Norge og støtte flyindustrien? spør trettiseksbarnsmora med norsk gjennomsnittsinntekt.

Og det er ikkje slik at det i utgangspunktet er lett å jobbe frå fly og flyplassar heile tida. Det krev sitt å tene ei norsk gjennomsnittsintekt på den måten. Men denne familien har vore villig til å ofre mykje for å ta heile landet i bruk. No spør dei seg om det har vore verd det.

Normalt ville ein familie med så mange barn i så mange aldrar tent på at budsjettforliket også inneheld utviding av ordninga med kjernetid i barnehagen, og innføring av 11 månader studiestøtte, men slik er det ikkje for denne familien.

– Ingen av ungane våre vil nokon gong få tid til å gå i barnehagen eller studere. Dei er jo ute og flyg absolutt heile tida.

Å vere heime i staden for å flyge absolutt heile tida, er heller ikkje eit alternativ. Ein familie på trettiåtte treng ein stor heim. I ein stor heim med ein stor familie, blir det brukt mykje straum, og med auken i elavgifta som ligg i dette budsjettet, så vil det knekke familien fullstendig.

Eit av dei trettiseks barna har eit spørsmål til finanspolitikarane:

– Ikkje kan vi flyge. Ikkje kan vi vere heime. Kvar meiner eigentlig politikarane at vi skal opphalde oss? Ute? Der er det jo glatt.

I mangel av noko betre å gjere no som familien må kutte ut flyginga, les trettiseksbarnsfaren med norsk gjennomsnittsinntekt artiklar om budsjettforliket. Han merkar seg at gifte og sambuande pensjonistar visstnok skal få meir. Han sukkar.

Han og kona har nemlig bestemt seg for å skille seg når dei er sekstito. Dette er den einaste planen dei to har lagt for framtida.

– Men det skal tydeligvis ikkje lønne seg å planlegge.

Ikkje vil dei ha råd til å pensjonere seg heller.

– Nei, vi må nok jobbe til vi dør for å finansiere straumutgiftene. Og kven skal då betale gravferda, spør trettiseksbarnsfaren med norsk gjennomsnittsinntekt.

Først publisert i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!