Utsikt og helse kan gå hand i hand

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskning.no skriv at forskarar frå Warwick Buisness School trur utsikt og omgivnader påverkar oss. Dei har nyleg gjennomført ein studie som tek nettopp for seg dette.

I studien har forskarane brukt tal frå eit internettspel som heiter Scenic-Or-Nót der brukarane vert bede om å vurdera utsikta frå ulike deler av Storbritannia. Då studien vart gjennomført, hadde 1,5 millionar vurderingar vorte registrert. Deltakarane vart så bede om å vurdera eiga helse.

Forskarane såg at dei som budde i område som vart vurdert som ekstra fine, opplevde eiga helse som betre enn dei som budde blant mindre pene omgivnader. Forskarane hadde mellom anna med faktorar som sosioøkonomiske trekk, luftområder og bustadområde i analysen sin.

LES OGSÅ: Norsk natur i hovudrolla

Også i Noreg
Forskning.no skriv at det også har vore gjort ei liknande studie i Noreg.

Forskarar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet tok for seg 278 hjarte- og lungepasientar som heldt til fire veker på eit rehabiliteringssenter på Røros. Pasientane vart delt inn i tre kategoriar etter kva for ei utsikt dei hadde frå vindauget sitt. Det var pasientane med finast utsikt som hadde størst positiv endring i sjølvopplevd helse. Menn med heilt blokkert utsikt melde om dårlegare mental helse etter fire veker.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt