Rår alle bondespirer til å følgje draumen
Mats Hegg Jacobsen (30) frå Tromsø vart kåra til Årets unge bonde på Lillestrøm laurdag kveld.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norges Bygdeungdomslag skriv på sidene sine at Jacobsen tok over familiegarden for to år sidan, etter at denne hadde stått tom sidan 1989 . Tanken var å laga den maten han sjølv ville ha, og som det var vanskeleg å få tak i i Nord-Noreg. Først ut var økologisk gris følgt av økologiske egg. Vidare utvida Mats med grønsaker, villsau og sitt eige hjarteprosjekt: kje. No har Mats rundt 200 dyr i høgsesongen om sommaren
– Eg har aldri jobba hardare enn kva eg gjer no. Til gjengjeld har eg heller aldri vore lukkelegare eller hatt meir tid saman med borna. Eg kan absolutt rå til alle som har ein bondespire i magen å følgja draumen, seier Jacobsen til Norges Bygdeungdomslag.
LES OGSÅ: Klimaendringane dyttar vinproduksjonen nordover
Formidlar glede ved økologi
Juryen skriv at «Vinnaren utdannar befolkninga om det å bruke alle ressursane vi har, noko store deler av samfunnet kanskje har gløymt. Årets unge bonde driv økologisk, og er med på å formidle glede ved økologi, og kva denne måten å driva landbruk på gir av dyrevelferd, miljøgevinstar og ikkje minst god smak. Han strekkjer seg langt for å bidra til samfunnet gjennom fokus på bærekraft, kunnskapsspreiing og dyrevelferd. Det er ein person som er ansvarleg, innovativ og inspirerande.»
LES OGSÅ: Trugar med å pløye opp stortingsplenen