Eva Thomassen var aktivisten som reiste til eit krigsherja Syria.

Jonas Sætre
Jonas Sætre
Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.

Høyr fleire episodar her!

LES FAKTALUKK FAKTA

I meir enn fire år har Syria som kjent vore herja av krig og konflikt. Det starta som opptøyer, utvikla seg til borgerkrig og er no ein storpolitisk krigssone med store deler av verdssamfunnet som aktive deltakarar.

Dette høyres kanskje ikkje ut som eit veldig aktuelt reisemål for folk flest, men det finst unntak. I haust var den norske kvinna Eva Thomassen på besøk i Syria saman med ein gruppe frå ein solidaritetsorganisasjon, for å vise sympati med det syriske folket. Ho har fulgt landet  tett i mange år etter å ha sjølv budd der for 20 år sidan.

– Me drog ned for å høyre om korleis regjeringa, religiøse leiarar, journalistar, universitetslærarar, og heile sivilbefolkninga opplever den totale blokkeringa av kontakt mellom Vesten og Syria, og kvifor dette ikkje vert snakka om i Vesten, seier Thomassen til Uten Filter.

Ho viser til sanksjonane som vestlege land sette inn mot Syria i 2011 under starten på borgarkrigen. Ho meiner desse sanksjonane er ein av dei største grunnane til at den syriske befolkninga har det så vanskeleg.

– Marerittet for syrarane er sanksjonane. Vesten har strupa økonomien i landet. Dei har ikkje tilgong på noko som helst. Finanstransaksjonar, flytrafikk eller import av matvarer er blokkert.

Thomassen reagerer på måten norske journalistar dekker krigen i Syria på, som ho meiner er svært einsidig.

– Eg meiner det er så nedrig måten norske journalistar dekker Syria-konflikten på. Dei klistrar seg til den vestlege historien om despoten Assad, og så lar seg smugle inn i Syria av opprørarar og står ved fronten og rapportere, i staden for å komme inn i Syria på ein vanleg måte.

– Men Syria er meir enn krig. Det er ein befolkning som lider på grunn av oss. Eg opplever at alle vil framstille Syria som eit øydelagt land, men den historien vil eg ikkje vera med på, seier Thomassen.

No, trygt heime igjen i Noreg, ønskjer ho å spre bodskapen frå det syriske folk til folk i Norge. Thomassen meiner det er eit stort paradoks at Noreg er så oppteken av å styrte den syriske presidenten Bashar Al-Assad, samtidig som me har sterke band til Saudi-Arabia.

Trass i dei knalltøffe tider for syrarane, møtte Thomassen eit stolt folk som klarte å fokusere på å leve eit tilnærma vanleg liv.

– Syria er sivilisasjonens vugge, og historien sit i sjela til syrarane. Det er styrken til det syriske folket, dei er berre opptekne av å bli ferdig med det og gå vidare.

Ho har ein oppmoding til norske politikarar, forskarar og journalistar.

– Ikkje la syrarane vere i dette hermetiske vakuumet. Få vekk sanksjonane. Det er så utruleg urimeleg og uanstendig kva Vesten utsetter den syriske befolkninga for.

Høyr episoden frå Uten Filter her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE