Blant dei siste av sitt slag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Møre-Nytt.

Det seier 81 år gamle Bjarte Vartdal som har brukt mykje av sitt liv på sjøen og i isen.

Selfangst, sildefiske og frakteskute er nøkkelord som beskriv arbeidslivet til Vartdal. Han var berre 17 år gammal då han sommaren 1951 reiste på sin første tur med Polhavet.

– Eg meiner vi reiste 17. mai seint om kvelden og vi skulle til Danske-Stretet mellom Island og Grønland. Det var snøkave og sludd då vi kom fram, men vi fangsta sel. Det var slik at det vart skote frå skuta og så kom fangstbåtane og flådde på isen etterpå. Så vart det skodde, og rare forhold. Då måtte vi bevege oss ut frå isen, og der fiska vi håkjerringar som var 4–5 meter lange.

LES OGSÅ:Sjekk ut desse tøffe filmdamene!

Ein dag stod 17 år gamle Bjarte og styrte båten då ei isbjørnmor vart skoten. Ungen vart teken om bord, og som yngstemann i mannskapet fekk Vartdal ansvaret for å stelle med isbjørnungen.

– Eg var dagmann og var på vakt frå åtte om morgonen til åtte om kvelden. Det vart laga bur til isbjørnen, og eg fekk jobben med mating, kjøle han av med spylarslange og gjere reint buret. Isbjørnen skremde litt dyr for oss, og selen forsvann då dei kjende lukta av han. Etter ei tid så vart eg kompis med isbjørnen sidan eg passa på og prata med han, og til slutt vart den tame. Eg tok handa inni buret og då kom isbjørnen med nasen bort i, og eg klappa den på nasen og tok han litt i øyra.

Isbjørnen vart verande om bord i båten til dei kom tilbake til Vartdal.

– Han kom på land på sjøbuda der Vartdal fryseri er no. Isbjørnen vart verande på Vartdal ei stund, men så vart den selt til ein dyrehage i Hamburg. Eg meiner å hugse at prisen var rundt 2.500 kroner, og det var ein del pengar i den tida.

Den første turen på selfangst vart ein suksess, og dei hadde rundt 20 tonn med håkjerring og båten fullt med selskinn då dei lossa på Brandal. For Bjarte vart det totalt tretten turar på selfangst. Han var ikkje den einaste i familien som brukte mykje av arbeidslivet på sjøen.

Faren var også sjømann og var med på selfangsten.

– Han var med Weidman som forliste i 1920, og dei låg to til tre døger på isen. Kåre, eldste broren min, var også med på isen med Vesle Kari. Bror min Helge, som no bur i Asker, var og med i Vesterisen i 1951. Då eg reiste ut fekk eg jobben til Helge på Polhavet, og det året hadde eg og vore med på sildefisket. Eg var med Polhavet i 1952 i Vesterisen. Då skjedde tragedien der fleire skuter forliste, og etter dette nekta far min meg å reise.

LES OGSÅ: Eit skeivt stykke historie

Bjarte fekk seg jobb på Vartdal, og hausten 1954 reiste han i militæret. Då kom tilbake i 1956 vart det meir jobbing på land, men året etterpå var han tilbake på sjøen då han fekk jobb med svogeren på ei frakteskute i Volda. Der vart Bjarte verande i fem år. I 1963 byrja han å reise i isen igjen, og reiste kvar år til og med 1972.

– Det vart ti turar på rad, og til saman var eg tretten turar i isen. Så arbeidde eg også på notbøteriet på Vartdal, og der var eg i nesten tretti år. Siste jobben eg hadde var på Vartdal fryseri før eg vart pensjonist.

Bjarte legg ikkje skjul på at å vere på selfangst var ein tøff jobb.

– Det kunne vere fangstar heile dagane, og om natta så flådde du og platta ned skinn.

Onkelen til Bjarte, Johan, var med i Vesterisen i 1952. Då skuta var gjort klar til fangsting gav onkelen ein beskjed til Bjarte og ein annan nybyrjarar, og orda som vart sagt har Bjarte alltid hatt med seg.

LES OGSÅ: Runar kan bli historisk

– No har vi åtte gevær om bord og mange skot, og dette får de ikkje styre med. Så fort de har flått eit dyr så skal kniven rett ned i slira att, sa han til oss. Det var sylskarpe knivar og vi måtte ikkje skade oss sjølv eller andre. Han sa til oss at vi måtte vite om ein ting: No er det over 400 nautiske mil til næraste doktor og sjukehus. Det er ein avstand som er lenger enn frå Runde til Færøyane. Eg lurer på kva folk hadde sagt i dag om dei fekk denne beskjeden. Ikkje var der doktor, ikkje var der hjelpeskip, helikopter eller noko som helst. Du var overlaten heilt til deg sjølv. Av og til kunne du kutte deg litt i fingrane, men det skjedde ingen alvorlege skader. Det var lærerike ord som har vore lagra i bakhovudet mitt heile tida.

I tida etter krigen, då selfangsten tok seg opp att, var det attraktivt å ta del, og det var kamp om plassane om bord i båtane.

– På byrjinga av 50-talet gjorde bror min Helge ein kjempetur og dei hadde mellom 9.000 og 9.500 kroner på lut. Det var veldig mykje pengar i den tida. Det var heller ikkje mykje arbeid å få på land den gongen. Gardbrukarane var på isen om vinteren, og dreiv gardane på våren og sommaren.

For selfangarane var det tøffe forhold.

– Det var tøffare forhold enn kva det er i dag, men vi klarte oss bra. Vi hadde ikkje sjukdom, og vi hadde kvar sitt vaskefat under dekk der vi tok oss av hygienen. I dag er båtane reine hotell, og forskjellen er veldig stor. Vi leid heller ikkje noko nød i matvegen, men det kunne verte litt lite vatn. Då smelta vi is og snø.

– Når du ser tilbake på livet på sjøen er det gode minne du sit att med?

– Ja, eg tykkjer ikkje at det er så gale og eg likte dette. Spesielt i Vesterisen var det ofte same mannskapet som reiste år etter år. Det var ein veldig godt samansveisa gjeng til slutt, og vi viste kva dei andre stod for. Det var no eit litt tøft liv, men du viste kva du gjekk til.

LES OGSÅ: Vulgært å drikke øl frå flaska?