Inviterer til akademisk dugnad for flyktningar

Universitetet i Oslo og Høyskolen i Oslo og Akershus vil gjere det lettare for flyktningar og asylsøkjarar å fullføra utdanninga si i Noreg.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange flyktningar og asylsøkjarar som kjem til Noreg er svært ressurssterke. UiO ynskjer å gå aktivt ut med informasjon om korleis dei kan bruka eller gjere ferdig si høgare utdanning i Noreg, seier rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Ole Petter Ottersen, i ei pressemelding.

Bokinnsamling
I samarbeid med mellom anna Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Samordna Opptak og NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga.) inviterer dei til Academic Dugnad.

Målet med dugnaden er å gje flyktningar og asylsøkjarar informasjon om kva som trengst for å fullføra utdanninga si i Noreg.

I tillegg vert det samla inn bøker til flyktningane.

Den siste tida har det kome mange nye flyktningar og asylsøkjarar til Noreg. Mange av desse har høgare utdanning frå heimlandet, og fleire har vore nøydd å avbryta utdanningsløpet for å flykta.

Gjennom denne dugnaden ynskjer Universitetet i Oslo å syna dei som kjem til Noreg at me ynskjer deira bidrag.

– Me meiner det er viktig at flyktningane vert teke i mot som hele menneskjer og at dei får høve til sjølvrealisering. Dette kan gje flyktningane håp om ei betre framtid, og det vil sikra betre integrering i vårt samfunn, seier Ottersen vidare i pressemeldinga.

LES OGSÅ: I Ålesund hamnar nesten alle flyktningar i jobb eller studiar

400 flyktningar
I oktober oppmoda European University Association alle EU-land til å syta for at studentar på flukt får fullført utdanninga si.

NTNU i Trondheim er allereie i gang med eit samarbeid med kommunen, der dei inviterer 70 flyktningar med universitetsbakgrunn,  ifølgje Universitetsavisa.

Universitetet i Oslo inviterer 400 flyktningar til informasjonsdag 1. desember og har sett eit tak på 150 norske universitetsstudentar av omsyn til plass. Så langt har responsen frå norske frivillige vore god.

Rektor forklarar at universitetet vil leggja opp til at flyktningane kan konkurrera på like vilkår som andre som ynskjer å studera i Noreg.

–Etter kvart som me får betre oversikt over flyktningsituasjonen og behovet for ekstra kurs og studieplassar, vil me gå i dialog med departementet om dette. Foreløpig veit me ikkje kor mange som vil vere kvalifisert eller kor mange me kan ta opp, forklarar Ottersen i ein e-post til Framtida.no.

LES OGSÅ:Det skal bli lettare å få godkjent utdanning frå utlandet

NOKUT ser på saka
Tidlegare i år meldte VG at stadig fleire syrarar får utdanninga si godkjent av NOKUT:

NOKUT er no i startfasen på eit prosjekt saman med Barne- og likestillingsdepartementet, IMdi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) og VOX – nasjonalt fagutval for kompetansepolitikk, der hensikta er å få til hurtig kompetansekartlegging hjå flyktningar.  

Retningslinene for ei slik hurtigbehandling er ikkje klare enno, men dei håpar å starta opp på nyåret 2016. 

Faktaboks

Academic Dugnad

Universitetsbiblioteket har bokinnsamling for flyktningar.

20.11: HiOA inviterer til kulturelt arrangement med syrisk mat, bokinnsamling, historier og underholdning. 14.00-16.00 i Foajeen i Pilestredet 46

01.12: UiO inviterer til informasjonsdag ved Universitetsbiblioteket. I samband med dette vert det studentforum 15.30.17.00.

Foredragsrekkja «På flukt» ved UiO

24.11: Sir Paul Collier, Oxford University: «Exodus: How migration is changing our world».

07.12. Litteraturhuset: «Flukt, frykt og beskyttelse. Psykologiske aspekter ved tvungen migrasjon».

11.01: «På flukt i en overopphetet verden»

20.01: «På flukt sett fra Europas ståsted»

Kjelde: UiO, HiOA