Maria Toresen får skryt for debuten sin.

Grethe Hopland Ravn, Grannar
Grethe Hopland Ravn, Grannar

Dette har ho gledd seg til lenge og fredag var det endeleg lanseringsdag. Og plata «Birds don´t tell» har Maria Toresen (30) dedikert til farmora si, som var generatoren i barndomen hennar.

Albumet inneheld åtte låtar som Maria Toresen har brukt lang tid på å laga.

— Nokre av låtane er over fem år gamle og dei blei skrivne i ein periode der det var mykje forandringar i livet mitt. Fire av dei er låtar skrivne for piano og fire av dei er skrivne for gitar. Det gjer at det er to litt forskjellige lydbilete som går igjen i plata. Det er kontrast mellom når eg skriv for gitar og når eg skriv for piano, seier 30-åringen som til dagleg er lærar på ein skule i Stavanger.

Besta og bestefar
Toresen som er oppvaksen i Sandeid har dedikert heile albumet sitt til «besta og bestefar». Dei har inspirert henne på alle måtar i livet hennar, men når det kjem til musikk så er det «besta» som er generatoren i heile familien.

— No skal det sjølvsagt seiast at eg også er veldig glad i dei andre to besteforeldra mine også, men det var hos «besta» eg var kvar dag etter skulen. Der spelte eg fela, gjorde lekser og utforska dei mange andre instrumenta ho har i huset sitt, seier ho.

Bestefaren har også vore ein stor inspirator, med si kjærleik til naturen.

— Eg lar meg veldig ofte inspirera av alle dei små undera i naturen og det tar eg med i tekstane mine. Bestefar ser ein diamant i kvar ein gråstein, og det har eg tatt med meg, seier ho.

Har alltid vore musikalsk
Når det kjem til inspirasjon er musikk noko Toresen har fått inn med morsmjølka. For henne og familien hennar har det alltid vore naturleg å spela og å laga musikk, og ho seier ho veit ikkje om noko anna. Dei åtte låtane ho presenterer på plata er alle hennar eigne, både tekst og melodi, og inspirasjonen finn ho over alt.

— Eg kan bli inspirert av eit ord, ei kjensle, ein relasjon, eit blikk på samfunnet og min måte å handtera denne store verda og mitt liv på, er å skriva songar, seier ho.

Når ho no slepp plata si er det 300 plater ho har trykka opp i første omgang, for det største fokuset har vore på den digitale distribusjonen.

— Sist helg hadde eg eit svært bra førehandssal og eg ser at eg kanskje må trykka opp fleire eksemplar av plata, seier ho.

Å ordleggja seg når ho skal fortelja kva det betyr å endeleg få gi ut ei plate, blir det vanskeleg å finna dei rette orda for Toresen. Det er uendeleg stort for henne.

Stiller med fullt band
Maria Toresen har i løpet av dei to siste åra bygd seg opp som ein artist med stor stå-på-vilje, som ser verdien i både å spela åleine, i trio eller med fullt band. Musikken hennar er ein krysning mellom pop, americana og roots og gir publikum referansar til både Agnes Obel, Tori Amos, Joni Mitchell og First Aid Kit. Radiokanalen P13 har omtalt henne som ein av landet sine mest spennande nye røyster.

Torsdag 19 november har Toresen releasekonsert på Tou scene i Stavanger der ho stiller med fullt band.

— Eg har invitert med meg to av mine favorittartistar til denne konserten. Det er Trond Eltervaag og Roar Koppestad. Dei skal spela nokre låtar både i saman med meg, og åleine, seier ho.

I tillegg er Olaug Mundal med på piano, kor, synth og klokkespel. Torje Fanebust Ås er med på bass, Svein Olav Hyttebakk på gitar og mandolin, og Espen Kvaløy på trommer og perkusjon.

Les saka i Grannar!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE