Utnyttar sårbare ungdommar til terror

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terrorforskar: – Alle kan bidra

Om to veker lanserer Petter Nesser boka «Islamist Terrorism in Europe: A History». Boka han gir ut, er den til no meste omfattande studien av islamistisk terror i Europa.

Nesser har studert bakgrunnen til terroristane, korleis dei blei radikalisert og korleis dei fann saman i terrorceller. Han undersøker korleis terroristane samhandlar og korleis dei opererer.

– Boka handlar om terrorceller i Europa frå 1994-2015. Mange av terroristane er unge og nokre av dei, dei eg kallar «misfits», kjem frå vanskelege kår eller oppvekstar, prega av ustabilitet, avbrote skulegang, kriminalitet og narkotika, eller forhold som mobbing og rasisme, fortel Nesser til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

Karismatiske leiarar
Forskaren ved Forsvarets forskingsinstitutt ser i boka på korleis på individuelle, ideologiske og sosiale drivkrefter verkar i terrorceller.

Han forklarar òg korleis såkalla jihad-entreprenørar speler på personlege og sosiale motiv til andre medlemmar av cella for å oppnå målet om å radikalisera ungdomar til å utføra terror for al-Qaida og likesinna.

Desse jihad-entreprenørane er ressurssterke aktivistar som utnyttar ungdom i sårbare situasjonar.

Desse karismatiske leiarskikkelsane blir bindeleddet mellom lokale ekstremistar og transnasjonale nettverk, mellom Europa og konfliktsoner. Dei verkar som katalysatorar for korleis sosial misnøye og utanforskap kan politiserast og føra til terror.

Ifølgje Nesser, kan det store fleirtalet av terrornettverk sporast tilbake frå Afghanistan på 80-talet og kampen mot Sovjet.

– Korleis ser du på framtida – vil det vera ein ny generasjon som tar over etter desse? Kva erfaringar vil dei ha med seg?

– Bekymringa for framtida knyter seg til den nye generasjonen europeiske jihadistar, Sharia4-generasjonen, dei som er i Syria og Irak i dag. Desse konfliktområda kan koma til å spela ei liknande rolle som Afghanistan hadde historisk.

– Korleis kan ein hindra rekruttering til terrorverksemd?

– Gjennom ein kombinasjon av verkemiddel. Entreprenørane er ofte ressurssterke og politisk drivne. I nokre tilfelle kan dei endra meining eller bli overtydd til å endra meining. I andre tilfelle er det nødvendig med tiltak som overvaking og rettsforfølging dersom dei set rekruttar i kontakt med terrororganisasjonar.

– Kva kan me som enkeltindivid gjera for at ikkje fleire ungdommar skal hamna i slike sårbare situasjonar?

– Alle kan bidra til at færrast muleg fell utanom i skulesamanheng, i idretten eller andre arenaer. Dette gir slett ingen garanti for at personar ikkje seinare kjem i kontakt med ekstremistar og radikalisering, men kan medverka til at nokre ikkje lar seg overtyda av dei forenkla fiendebilda som dei militante promoterer.

LES OGSÅ: Dette er jihad

Omfattande kontaktar med ekstremistar
I boka problematiserer forskaren ved Forsvarets forskingsinstitutt mange av dei vanlege vurderingane om trusselen frå jihadistar i Europa. Ofte stammar desse frå generaliseringar basert på det siste angrepet.

– Til dømes blei trusselen kalla «heimedyrka» etter Madrid-angrepa i 2004, medan studiet av ei mengd casar over ei lengre tid viser at skiljet mellom internasjonal og heimedyrka terror er kunstig. Terrorplott har nesten alltid både ein ekstern og ei heimleg side. Sameleis har angriparar i Frankrike, Sverige og andre stadar blitt omtalt som «einsame ulvar». Nærare gjennomgang av kjelder viser at dei er radikalisert gjennom omfattande ekstremistkontaktar og utanlandsopphald, seier Petter Nesser til FFI.no.

LES OGSÅ: Tenketank fryktar ikkje radikalisering i Noreg etter Paris-terror