NPK
NPK

Magnar og Oddny Kleiva frå Naustdal i Sogn og Fjordane måtte sjå seg slått av James Bond den første helga med «Søsken til evig tid – Amerikareisa» på kino.

LES OGSÅ: Søsken vann amerikanske filmhjarte

Bak Bond
Etter 80 framsyningar har 7.528 sett oppfølgjaren av suksessen «Søsken til evig tid» for to år sidan, fortel filmbladet Rushprint.

Berre James Bond-filmen «Spectre» og dei norske familiefilmane «Julekongen» og «Dr. Proktors tidsbadekar» var betre besøkt denne helga.

– Det er berre min andre kinofilm, så samanlikningsgrunnlaget er så som så. Men vi har hatt ei god kjensle, ikkje minst på grunn av all responsen i sosiale medium, seier regissør Frode Fimland, som sjølv er frå Naustdal. (©NPK)

LES OGSÅ: Søskenfilm er for populær

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE