Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland
Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Det er heilt absurd! Eg meinte ikkje å ta sjokoladeplata ein gong, seier mannen til Bladet Sunnhordland.

Han er no dømd til å betala 1.500 kroner i bot, men har ikkje tenkt å betala.

– Eg har vore nede på lensmannskontoret og gjeve melding om at eg nektar å betale bota, seier mannen, som seier at han angrar at han ikkje hadde med seg forsvarar i rettssaka.

Ved rettssaka var der både sorenskrivar, aktor og to vitne frå Kvinnherad.

LES OGSÅ: Sorenskrivaren kan ikkje hugsa ei mindre sak

Festa til film
Det var i februar i år at mannen var på Rema 1000 på Husnes. Her tok han med seg ei Smash!-sjokoladeplate utan å betala. Ein kunde såg naskeriet og melde ifrå til dagleg leiar Dagfinn Gjerde.

Han såg på videoopptak av tjuveriet og gjekk ut for å leita etter mannen. Gjerde måtte ikkje å gå så langt, for han fann mannen på Mix-kiosken like ved. Mannen hadde då lagt sjokoladeplata i eit fryseskap i kiosken.

Mannen forklarte at det ikkje var meininga å stela sjokoladen og kom med ei forklaring om at han måtte ha teke to sjokoladeplater ved ein feil og la berre den eine tilbake då han oppdaga at han ikkje hadde med seg bankkortet sitt.

Sunnhordland tingrett er ikkje i tvil om at mannen tok sjokoladen med vilje.

LES OGSÅ: Spår sjokoladekrise i 2020

Problem for varehandelen
– Det er svært liten verdi det er snakk om i denne saka, men butikktjuveri er eit problem for varehandelen og fører til større kostnader med sikring m.m., skriv sorenskrivar Knut Gramstad i dommen. Han landar på ei bot på 1.500 kroner for tjuveriet. Gramstad fritar domfelte for sakskostnader på grunn av vedkommande sin dårlege økonomi.

Kjøpmann Dagfinn Gjerde innrømmer at naskeri-saka er blitt litt av ei historie.

– Eg må innrømma at eg blei litt forundra då eg blei kalla inn til rettssak. Eg trudde jo og at sjokolade-naskeriet var del av ei større sak. Slik sett så blei det jo ei kostbar sjokoladeplate for AS Norge. 
Men eg set pris på at politiet forfølgjer saka. Det skal ikkje vera slik at ein slepp unna om ein berre nektar for forholdet. Det skal straffa seg å stela. Me som driv butikk må verna om verdiane våre, om det er noko som kostar 5 kroner eller 5.000 kroner, seier Gjerde.
 

Han får full støtte av Rema-kollega Eivind Birkeland, som driv på Bjelland.

– Eg melder alle tjuveri til politiet. Ein gong var eg i forliksrådet på grunn av ein slikkepinne, seier Birkeland.

Skal ikkje sleppa unna
Politioverbetjent Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor peiker på at det er juristen som avgjer kva ein skal gå i retten med. Han viser også til at saka i forkant av rettssaka er forsøkt løyst med eit førelegg.

– Omsynet til rettsforståinga og respekt for lova er viktigare enn sjølve beløpet,  seier Børve, som meiner det gjeld både for enkeltpersonen og for folk flest.

– Sjølv om summen kan verka meiningslaust liten skal det ikkje vera slik at ein slepp unna om ein nektar når ein blir teken på fersken. Det er også viktig for dei som melder ifrå om tjuveri at dei ser at det får følgjer, seier Børve.

LES OGSÅ: Tjukk av triste tv-program

Sjokolade-saka går vidare
Politiadvokat Leif Ove Mikkelsen var aktor i saka.

– Alternativet er jo å leggja saka bort. Har ein først skrive ut eit førelegg og vedkommande ikkje godtek det, så må ein jo prøva saka for retten, seier Mikkelsen.

Mikkelsen innrømmer at han ikkje før har vore i retten for noko med så liten verdi som her.

– Men ålmennpreventive omsyn gjer at ein må følgja slike saker. For handelsstanden utgjer nasking store summar, seier Mikkelsen.

Sidan mannen i 40-åra ikkje vil godta bota, så er heller ikkje politiadvokaten ferdig med sjokoladesaka.

– Neste steg er ankehandsaming. Då blir saka sendt til Statsadvokaten i Hordaland som sender ho vidare til Gulating lagmannsrett, seier Mikkelsen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE