Skyss-snyltarane

Fleire studentar snik systematisk for å spare pengar. – Vil resultere i eit dårlegare tilbod for alle, seier Skyss.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar snyltar på Skyss

Berre i bergensområdet har Skyss over 50 millionar påstigningar i året. To prosent av desse blir tatt utan billett. I tillegg kjem mørketala. Etter det Studvest kjenner til er studentmassen godt representert.

– Det er for å spare pengar, for «in the long run» tener ein på det. Det kostar langt meir å kjøpe månadskort og enkeltbillettar, enn å få bot innimellom, seier Mats Varre (20), samfunnsøkonomistudent ved Universitetet i Bergen.

Varre, som systematisk har sneke på bussen to dagar i veka sidan april og kvar dag i heile sommar, har berre fått ein bot. Han reknar likevel med å ha spart mellom fem og seks tusen kroner på å droppe enkeltbilletten.

–  Som samfunnsøkonomistudent veit eg at dette ikkje er effektivt for samfunnet. Men kva er alternativet for fattige studentar, med eit stakkarsleg bidrag frå Lånekassa på 7000 kroner i månaden? Sjølv med deltidsjobb er det ofte ikkje meir enn 2000 kroner igjen når leiga, straumen og telefonrekninga er betalt. Då er 410 kroner for eit månadskort ein fjerdedel av matbudsjettet, seier Varre.

Ny app skal hindre snik

Kvart år brukar Skyss rundt fem millionar kroner på vektertenester for å hanskast med gratispassasjerane på buss og bybane.

– Det er mest unge vaksne og unge over 15 år som snik, men alle aldersgrupper er representert, seier pressekontakt i Skyss, Camilla Lundberg Berntzen.

For å få endå fleire til å løyse billett, innførar Skyss i desse dagar ein ny versjon av mobil-appen. Billettkjøpet blir no forsinka med to minutt frå ein har kjøpt billett til den blir gyldig.

– Vi ser at enkelte reisande ventar med å kjøpe billett til dei ser kontrolløren. No håpar vi å gjere terskelen høgare for dette. I appen kjem det fram ei synleg nedteljing, og først då er det tillate å gå om bord, informera Lundberg Berntzen.

Ein skal høyre mykje

Vekterane til Skyss kontrollerer mellom 100 og 1000 passasjerar kvar dag. I tillegg kjem storaksjonar, der det slett ikkje er uvanleg at det på få timar blir skrive ut gebyrar for nærmare 100 000 kroner.

– Før tok vi endå fleire, men i dag ser folk på oss som ein del og bybildet og syns stort sett det er hyggeleg å møte oss. Men det finst jo alltid unntak, seier vektar «Johnny», som av tryggleiksgrunnar vil vere anonym.

–  Det har skjedd at vi står på perrongen og forbi-køyrande tutar og viser fingeren til oss, eller at reisande blir svært aggressive når vi spør om billett, fortel vektaren.

– Men ein lærar å handtere det. Det er eit serviceyrke, og vi brukar store delar av arbeidstida på å svare på spørsmål om ruter og billetter. Da gjeld det å ha godt humør og smilet på lur, for folk er som oftast audmjuke når dei blir tatt for snik, seier den unge vektaren, som stadig høyrer dei klassiske forklaringane med «mista billett» eller «tom for straum på mobilen».

Kan ikkje springe etter alle

For ei tid tilbake slo appen «Jodel» seg stort opp blant norsk ungdom. Appen kan samanliknast med Twitter, berre anonymt, og blir blant anna brukt til å «varsle» om kontrollar på kollektiv transport.

– Det er utfordrande for oss å springe etter alle nye sosiale medium, og vi fokuserer heller på å skape gode haldningar hos dei reisande, seier Lundberg Berntzen i Skyss.

– Om ein reknar med sjansen for å blir tatt i snik for å spare pengar, vil dette til sjuande og sist slå tilbake i form for eit dårlegare kollektivtilbod for alle. Billettinntektene er naudsynte for å lage eit godt tilbod, det håpar eg alle våre reisane har forståing for, også studentane.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

ANONYME STUDENTER OM SNIKING

– Snylta på Skyss i snart eit år… Fungerar veldig bra.
Anonym i Sjøforsvaret (22).

– Det her traff meg, har sneke siden eg flytta til Bergen.
Anonym hipsterjente (23).

– Har sneke i to år, blitt tatt ein gang.
Konservativ NHHer (23).

– Er ein smule flaut. Og vil tilføye at eg ikkje gjer det no, men gjorde det i heile fjor.
Tidligare tilkallingsvikar i Securitas (21).

– Reknar med å ha spart nærmare 4000 kroner på å snike. Tørr aldri på bybanen, men på buss er det nesten aldri kontroll.
Rema1000-tilsett (26)