Når Putnam taler, lyttar Obama

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Humringa, eller rettare sagt fnisinga, breier seg i Universitetets aula. Den akademiske superstjerna Robert Putnam har bedt alle som har høgare utdanning rekke opp handa. Nær sagt alle i aulaen har gjort nettopp det.

– Det er dykk eg snakkar om, når eg snakkar om dei velståande, seier mannen på scena.

Alt er så stort – også ulikskapen mellom fattig og rik
Eg har aldri vore i USA, men eg har alltid innbilt meg at alt er mykje større der borte. Og når Tankesmia Agenda har fått den amerikanske gullfuglen Robert Putnam til Oslo, kjenst det både stort og fint.

Universitetets Aula er ein ærverdig stad, smykka med ikkje mindre enn 11 måleri av sjølvaste Edvard Munch. Publikum er velfrisert og velstelt, og ganske mange har nok lese Putnams mest kjende verk Bowling Alone, der han hevdar at sosiale relasjonar og tillit er sentrale i eit fungerande demokrati, og at desse verdiane har kollapsa i USA.

Powerpointen til Putnam er dessutan kjempestor. Endå større er skilnadane mellom fattige og rike i USA. Større enn på lenge, faktisk. Det er difor Putnam er i Noreg denne dagen. Statsvitaren snakkar om si nye bok Our Kids, der han påstår at ulikskap har teke livet av den amerikanske draumen.

– Den største feilen eit barn kan gjere i USA i dag er å bli fødd av foreldre med låg utdanning, seier Putnam.

LES OGSÅ: – Verdas rikaste prosent eig meir enn resten

Forskinga hans syner at barn i dagens USA ikkje har like moglegheiter. Gapet mellom barn av meir og mindre velståande familiar har auka sidan 1950-talet. Fattige barn har sakka akterut, medan rike barn gjer det betre på skulen, i idrett og i sosiale nettverk.

Det er omtrent her han ber oss rekkje opp handa dersom vi har gått på universitet eller høgskule.

– Når eg snakkar om dei rike som har alle moglegheiter, så snakkar eg om dykk som har høgare utdanning, seier han.

Og så fniser vi litt.

Alle høyrer på Putnam
Det er nemleg stort når Putnam tullar med oss – statsvitaren er rekna som ein akademikarane med størst innverknad i verda.

Han er «mannen alle lyttar til», skriv Vårt land. President Obama høyrer på han, til dømes. Og president Bush. Og dei tre siste statsministrane i Storbritannia.

Både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg har lagt sin elsk på Putnams teoriar om tillit. Det er altså ikkje for døve øyre han hevdar at:

– Den grunnleggjande årsaka til aukande ulikskap er at kjensla av eit felles «vi» er i oppløysing. Då eg vaks opp var alle barn «våre barn». Slik er det ikkje lenger.

Sjølv om han stadig syner grafar som peikar i to ulike retningar (ein for rik, ein annan for fattig), gjer Putnam det også klinkande klårt kvar han sjølv står:

– Vi må slutte å skilje mellom våre og andre sine barn. Fattige barn er ikkje berre nokon andre sine barn. Dei er våre barn også, seier han.

På den enorme powerpointen står det slik: «Delt investering i alle sine barn var nøkkelen til amerikansk vekst og rettferd i fortida, og det er nøkkelen til å gjenskape den amerikanske draumen i dag».

Den norske draumen
Ein kan jo spørje seg om det er nokon amerikansk draum å ta livet av i Noreg.

Då den eminente Harvard-professoren avsluttar førelesninga til ein overtydande applaus, er det ikkje studentar med stjerner i augo som stimlar rundt han. I staden får han selskap av Agenda-general Marte Gerhardsen, Ap-politikar Hadia Tajik, kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen, professor Karine Nyborg og førsteamanuensis Robert Huseby.

Sitjande i ein halvmåne på scena får dei utvalde høve til å kommentere Putnams forsking og påstandar. Eit spørsmål tvingar seg fram: Greitt nok at alt var betre før i USA, men kva betyr Putnams funn for Noreg?

Den amerikanske og norske modellen er grunnleggjande ulike. Den første legg vekt på private initiativ, den andre er eit sosialdemokrati med ein sterk stat. Men også i Noreg går rikdom i større grad i arv enn før. Eller som Putnam ville sagt: den sosiale mobiliteten går ned.

– Ulikskap er litt som global oppvarming. Dersom ein venter til problemet faktisk er synleg, så er det for seint å gjere noko, seier Putnam.

Han får støtte av Nyborg, som er professor ved Institutt for økonomi, UiO.

– Noreg er i dag eit veldig egalitært samfunn. Samstundes veit vi at mekanismane Putnam skildrar finst. Difor må vi jobbe for å ikkje hamne i ein vond sirkel der ulikskapane aukar også her, seier ho.

Saka held fram under biletet.

Hadia Tajik og Robert Putnam i Universitetets Aula. 

Kven er flyktningebarna sine?
Når ein snakkar om barn med ulike moglegheiteter i livet, tek det ikkje lang tid før flyktningkrisa vert eit tema. Så også i halvmånen under Munchs sol .

– Om eg skal stille eit spørsmål til Noreg, så er det korleis ein kjem til å sjå på desse barna når dei veks opp. Vert dei våre barn eller vert dei nokon andre sine barn, spør Putnam, som trur Noreg ser mot stadig større etnisk mangfald.

Det er freistande å påstå at høgremannen Røe Isaksen ser litt ukomfortabel ut i panelet hjå den sentrum-venstreorienterte tankesmia. Men lat oss ikkje spekulere i kunnskapsministeren sine kjensler. Vi kan i staden høyre på det han seier:

– Høg innvandring over tid er ikkje kompatibelt med den norske velferdsstaten slik den er organisert i dag. Sverige har teke imot svært mange flyktningar og dei kjem til å få store problem. Også i USA er det store problem, som segregasjon og ein svært fleksibel arbeidsmarknad med mykje lågare lønningar enn i Noreg.

På hans venstre side (faktisk), sit Hadia Tajik. Ho er raskt ute med å seie at også ho ønskjer å kontrollere innvandringa.

LES OGSÅ: Vil jobba mot press og evig jag

– Spørsmålet er kva vi gjer med den innvandringa vi har. Typisk er det slik at ein anten berre snakkar om pliktene til flyktningane, eller berre om rettane deira. Vi må klare å seie begge deler. Vi må kommunisere tydeleg til dei som kjem no kva vi ventar av dei og kva dei kan vente av oss.

Sjølv om også dei norske politikarane får seie sitt, vender panelet stadig tilbake til den akademiske superstjerna. Putnam freistar etter kvart å blåse litt optimisme i oss etter sine nedstemmande grafar:

– På kort sikt fører etnisk mangfald til mindre tillit. Det er vanskeleg. Men på lang sikt er mangfald ein stor føremon for eit land, seier han.

Statsvitaren har likevel ei bekymra rynke i panna. Eller kanskje ser han berre slik ut, mannen er jo sjølv bestefar. Alle hans barnebarn har høgt utdanning. Det er ikkje dei han er uroa for.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå ekteskap