I helga er det duka for skifestival i Lom.

Maria Kampesæter Kleiven, Vigga
Maria Kampesæter Kleiven, Vigga

I fjor fann arkeolog Runar Hole ei ski i Lordalsfjella i Reinheimen. Treskia vart datert til å vera 1300 år gammal, og eit par kopiar vart seinare rekonstruert av Reidar Marstein og Kjell Bengtsen frå Lom.

Denne duoen kjem fredag kveld for å fortelja om rekonstruksjonen av Lordalskia. Dei har også rekonstruert ei 2700 år gamal ski som vart funne ved Lomseggen. Skimakar og gründer fra Oppdal, Endre Hals, tek også turen, han har laga kopi i karbonfiber av Lordalskia. Fredag kveld er det også foredrag med fylkesarkeologane Espen Finstad og Lars Pilø, som fortel om brearkeologiske funn.

Det er Norsk Fjellmuseum i Lom i samarbeid med fleire aktørar som arrangerar skifestivalen, som er ny av året.

LES OGSÅ: Kan du over 100 ski-ord?

Kinesiske skikøyrarar

I tillegg kjem det svært erfarne skikøyrarar frå dei kinesiske Altay-fjella. Dei nyttar gamle køyreteknikkar til jakt, fangst og transport. Teknikkane er truleg svært like dei som vart nytta på dei gamle treskia som er funne.

Ayken Jasan skal halde foredrag om skirennet som blir halde kvart år i Altay, og som etter videoen å dømme nok er for dei sprekaste og tøffaste.

– Han har studert i Norge, og vore her i mange år, fortel Finstad.

LES OGSÅ: Nok ein skisensasjon

Vil ha større deltaking

Fredag og laurdag blir det demonstrasjon av Altay-ski på Sognefjellet. Ein delegasjon på seks kineserar deltek på skifestivalen, mellom anna Ma Liqin som er rekna som ein "ancient skiing hero" i Kina.

Finstad fortel at dei skal teste rekonstruksjonane frå Lordalen. Delegasjonen frå Kina vil også ha møte med arrangørane av Birkebeinerrennet, Ungdoms-OL, representantar frå fylkeskommune og reiseliv. Dei ynskjer internasjonal deltaking på skirennet sitt.  Ein delegasjon frå Norge med arkeologar, skimakarar og skikøyrarar deltok på skifestivalen i Altay tidlegare i år.

Laurdag kveld held programmet fram med foredrag, filmframsyning og konsert på kvelden. Festivalen starta allereie torsdag, med fyrste dagen i skimakarkurset med Thomas Aslaksby.

LES SAKA I VIGGA!

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE