Frp fossar fram på ny måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje sidan mai 2011 har partiet vore meir populært, viser ei fersk meiningsmåling.

Framstegspartiet går fram heile 5,5 prosentpoeng, til 18,7 prosent, på novembermålinga som Respons har gjort for Aftenposten og Bergens Tidende.

– Folk vil ha Frps politikk på asyl- og innvandringsområdet. Vi har trass alt heile vegen vore eit parti som har ytra eit behov for innstrammingar – også medan mange snakka om liberalisering, seier Frp-leiar Siv Jensen.

Før valet var migrasjonsbølgja i startfasen, men no har pendelen svinga kraftig, trur Jensen.

– Folk ser eit Noreg som ikkje er dimensjonert for den tilstrøyminga som kjem.

Thore Gaard Olaussen, dagleg leiar i Respons, seier det er svært sjeldan med så store endringar frå éin månad til ein annan.

– Det er heilt klart flyktningsituasjonen som er årsaka til dette. Det er ingen andre saker på dagsordenen no, seier han.

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet i Noreg, men går tilbake 2 prosentpoeng til 32,3 prosent. Høgre går også tilbake, med 1,7 prosentpoeng til 22,8 prosent.

Venstre får ein oppslutnad på 5,3 prosent (+0,4), Sp 5,1 prosent (-1,2), KrF 4,7 prosent (-0,6), SV 4,3 prosent (0,0), MDG 4,1 prosent (+0,1), Raudt 1,9 prosent (-0,2) og andre parti 0,8 prosent (-0,3). (©NPK)

Les siste om politikk her!