Målungdomen rosar MGP Jr.

– Utruleg viktig at born og unge får oppleve dei ulike dialektene vi har i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag kveld gjekk Melodi Grand Prix Jr. av stabelen i Oslo spektrum, med Harstad-jenta Thea som vinnar. Alle deltakarane song på norsk og på si eiga dialekt. No gir Norsk Målungdom skryt til arrangørane av songkonkurransen fordi dei løftar fram så mange av dialektene.

– Det er utruleg viktig at born og unge får høyre og oppleve dei ulike dialektene vi har i Noreg. Det seier nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng.

LES OGSÅ: Engelsk pressar ut bokmål i Melodi Grand Prix

– Dialektene er knytt til identitet, og det er få ting som syner betre kven vi er og kor vi kjem frå enn måten vi pratar på, seier Stavseng.

– Difor er det viktig at dialektene blir brukt i alle situasjonar med munnleg kommunikasjon. Det sender signal om at alle dialektene er likeverdige og at du ikkje må snakke på ein spesiell måte for å bli godtatt.

Målungdommen ser særs positivt på at dialektmangfaldet blir synt fram i populærmusikk. – At unge artistar kan synge og uttrykke seg på dialekta si, og at det blir opplevd som heilt naturleg, er utelukkande positivt både for dialektbrukarane og dialektene sjølve, avsluttar nestleiaren.