Dei første Malakoff-artistane klare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OnklP & De Fjerne Slektningene, Odd Nordstoga, bergensbandet Kakkmaddafakka og Cancer Bats frå Canada kjem alle til Malakoff-festivalen 2016.

Dei første artistane til neste års festival på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane blei gjort kjende denne veka.

– Vi har fått på plass artistar frå øvste hylle i sin sjanger og her er noko for heile publikumsspekteret vårt. Alle fire artistane leverer alltid fantastiske konsertar og vil på sine særeigne måtar bidra sterkt til den gode festivalstemninga som vi i Malakoff er veldig opptatt av, uttaler festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Fleire artistar blir offentleggjorde utover vinteren og våren.

LES OGSÅ: Malakoff har nådd grensa